Kufjordkofte og kule!
Kalenderluke nr. 6 på Instagram handlar om Kufjorden!
Når vi spør kjentmann Torbjørn Urke om kva som er opphavet til Kufjord-namnet, svarar han følgjande:
- Namnet kan kome av at rutebåtane frå Meierikaia i Ålesund til Hjørundfjorden oftast hadde fjøsrom. Det kunne då lukte både ku og fjøs om bord i båtane. Men forklaringa ligg nok lenger bak i historia. Hans Strøm skriv i 1762, omsett temmeleg fritt frå dansk: Forutan for høyet som finst i fjella, finst her skjønt gras i sætredalane, som kan sjåast på som den største herligheit, spesielt sidan der finst så mykje gras at der er meir enn nok til å dekke forbruket av gras til kveet i fjorden, men gir enda naboane, spesielt Borgunds innbyggarar høve til å sende buskapen til Hjørundfjorden kvar sommar. Dei hentar dei igjen til hausten, og må betale ei viss gras-leige.
Med Kufjordkofta og -kula formidlar vi lett denne historia, og gjer namnet til eit heidersnamn.
I dag kan du laste ned Kufjordkula gratis! (Dvs 1 kr. pga tekniske avgrensingar ved nettsida).
Kufjordkofta er eit design som vi ekstra stolte av! Modell og designer: Linda Olason Erdal El`Mourabit
Siste nytt
-
-
Takk for oppdraget!
14/07/23
-
Vi lanserer Gråkolleskjerfet!
13/06/23