NYHENDE

#sjekkdeggenser

NA Publisert: 30/09/24     NA oppdatert: 08/10/24

Vi er stolte over å få vere med på årets Rosa Sløyfe-aksjon, der målet er å vise solidaritet med bryskreftramma, øke kunnskapsnivået om brystkreft og samle inn penger til brystkreftforsking.

1. oktober 2024 står Hjørundfjordstrikk klar med lanseringa av ein eigen #sjekkdeggenser.

 

Inspirasjonen til fargane i genseren er henta frå Ingrid Ullas glaskunst der ho har forma puppar som glas og vasar.

 

- Linken mot glaskunst og asymmetri i fargesamansetning handlar om å gi ein assosiasjon til kvinnekroppen som både er skjør og langt i frå perfekt. 

 

- Med genseren i bruk kan vi også gi ei påminning om at vi årleg skal sjekke våre bryst, forklarer Camilla Tafjord, som har designa genseren ekslusivt for Hjørundfjordstrikk.

 

#sjekkdeggenseren er strikka i 3- trådar Plum frå Rauma Garn, som ligg mjukt og varmt mot huda. Modellen er feminin i snittet med lange vide ballongermar, har knytebelte som kan knytast på sida eller framme, under bysta eller i midja, alt etter kva som passar deg best. Genseren er strikka nedanifrå og opp, med samansydde skuldrar. Deretter plukker ein opp maskar rundt ermholet og strikkar ermane. Til slutt strikkast knytebeltet.

 

Designet kan kjøpast som garnpakke i nettbutikken www.hjorundfjordstrikk.no

 

For kvar solgte garnpakke går 100 kr til Rosa sløyfe og Brystkreftforeninga.

 

Foto: Rita Buša            

Kulisser: Ingrids Glassverksted

Modell: Hanna Marie Nes

chat

Chat med oss

x