NA

BAKKETUNET

Produsent

click show
  • Loading

Hjørundfjordstrikk AS blei etablert i Bakketunet på Bjørke i 2020. Bakgrunnen for satsinga var å gi ut eit geografisk strikkedesign for Hjørundfjorden.

Hjørundfjordgenseren blei lansert i september 2020 og har sidan dag ein nådd ut til eit stort nasjonalt publikum.

Bakketunet har status som eit nasjonalt kulturminne, og sommarstid kan ein besøke tunet som har ope for både individuelt besøkande og små og store grupper. 

 

Kreativ galskap: Marita Bett Aakre er drivar av Bakketunet og Hjørundfjordstrikk. Fiskarbonden med sitt fleirsyssleri er avgjerande då som no for å halde hjula i gang. Drifta av den gamle garden har tatt fått eit nytt innhald: Dyrehaldet er bytta ut med kunst - og kulturformidling. Hjørundfjordstrikk har derfor blitt ein supplerande formidlingskanal for dette arbeidet. Aakre har fått både kulturpris frå Ørsta kommune og Formidlarstipend frå Norsk kulturminnefond for arbeidet ho har lagt ned i det freda gardstunet. 

 

Besøk Bakketunet

I Bakketunet har vi i sommarhalvåret strikkebutikk med Hjørundfjordstrikk sine produkt. 

Tunet byr ikkje berre på strikkebutikk, alle dei seks bygningane i tunet innheld kunst- og handverksutstillingar. 

Individuelt besøkande

Bakketunet som har ope søndagar kl. 12 - 17 i sommarhalvåret. Då tek vi imot individuelt besøkande. Sesongen 2023 opnar søndag 25. juni. 

Utan om opningstidene er det viktig at du gjer ei avtale om besøk. Vil du hente ein garnpakke utan om opningstida, er det berre å ta kontakt. 

Gruppebesøk

For husflidlag eller andre lag og organisasjon som har interesse for kulturarv, er Bakketunet absolutt verdt eit besøk!  Ver tidleg ute med å bestille besøk for sommaren 2023. 

Du når oss lettast ved å ringe (+47) 91 10 88 46 eller skrive e-post til maritabett@hjorundfjordstrikk.no  

 

 

Bilete frå Makeløs sin catwalk i Bakketunet 2020.  

Hjørundfjordstrikk har kontor og lager på Bjørke. Nettbutikk kombinert med drift av Bakketunet gir sysselsetting for fleire. Sverre Fehn har teikna disken som garnpakkane blir pakka på, og frå bygda inst i Hjørundfjorden bli dei sendt vidare ut i verda.  Alle designa frå Hjørundfjordstrikk er inspirert av natur eller kulturarv frå fjorden. 

Vare ikke funnet

Filter

Vis resultater
chat

Chat med oss

x