Ønsker du deg ein varm og kjempefin ullgenser som varer i fleire generasjonar? Vi tilbyr ferdigstrikk av blant anna Hjørundfjordgenseren til både dame og herre.
Dei fleste av produkta våre er strikka i 100% norsk ull frå Rauma Garn. Den berekraftige investeringa held deg ikkje berre varm, men brukast eit heilt liv, og gå i arv i fleire generesjonar. Om du ikkje strikkar sjølv eller har nokon som kan strikke for deg, hjelper vi deg gjerne med å formidle kontakt med dyktige strikkarar.
Hjørundfjordstrikk hadde sin spede starta i våren 2020. Målet var å skape eit lokalt og berekraftig produkt til reiselivnæringa, som òg kunne bidra til å setje Hjørundfjorden på kartet.
Korleis bestille ein ferdigstrikka genser?
Bestill ønska modell og størrelse i nettbutikken vår. Skriv i kommentarfeltet på bestillinga at du vil ha den ferdig strikka. Vi bekreftar på e-post at vi har motteke ordren din.
Deretter sender vi garnpakken til ein av våre superdyktige strikkarar, som etter ei tid med flittig strikking, sender den ferdig strikka genseren direkte til deg. Du betaler direkte til strikkaren, og vi håper du blir godt nøgd med produktet. Fornøgd-garantien tek du direkte med strikkaren.
Betalinga av ferdigstrikk skjer altså i to omganger.
Prisen er for sjølve strikkinga. Garnet kjem i tillegg.
Vil du strikke for Hjørundfjordstrikk? Sjå her: https://hjorundfjordstrikk.no/kategori/strikke-for-hjorundfjordstrikk/
God strikkeetikk: Har du eit design frå Hjørundfjordstrikk er det denne bedrifta som skal sitte igjen med den økonomiske gevinsten av dette. Kjøp derfor garnet frå oss uansett om du finn deg ein strikkar på eiga hand (og som likevel har mønsteret). Vil de ha Hjørundfjordstrikk i framtida, er det avgjerande at ingen tek snarvegar rundt våre design.