Personvern

Personvernerklæring

 

Kontaktinformasjon:

Firma: Hjørundfjordstrikk AS
Org.nr.: 925 177 571
Adresse: Åkre 97, 6190 Bjørke

 

Din tryggleik er viktig for oss:

Vi følgjer gjeldande regelverk for informasjonsinnhenting og personvern. Denne personvernerklæringa viser korleis vi samlar inn og brukar informasjon om ditt besk i nettbutikken vår.
Ved at du held fram å bruke nettbutikken vår, er det ein føresetnad at du samtykkjer i det vi opplyser om personvern, inkludert informasjon om cookies på denne sida.

Personopplysningar er opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson. Det kan vere namn, adresse, telefonnummer eller liknande. Du har sjølv rett til å bestemme over desse opplysningane. Vi har ansvar for handsaminga av personopplysningane som er lagra hos oss.
Nedanfor ser du kva for informasjon vi samlar inn og brukar, kvifor og korleis vi innhentar den og korleis vi tek vare på den.

 

Personopplysningar vi brukar på hjorundfjordstrikk.no, kan delast opp i to kategoriar:

«Personopplysningar»
Namnet ditt, mobilnummer, adressa di, leveringsadresse (dersom anna enn adressa di) og e-post.

«Tekniske personopplysningar»
IP-adresse (Remote Address), nettlesar-type (Agent) og kva for side du kom frå (Referrer), språk-innstillingar. Det kan hende at vi tidvis også nyttar løysingar frå Google og Facebook til rørslesporing, annonsering og statistikk.

 

Kvifor vert opplysningane samla inn, og kva vert dei brukte til?

Personopplysningane er naudsynte for å kunne sende bestillinga di til rett leveringsadresse og kontakte deg om det skulle vere behov for det. Vi er også pålagde å oppbevare informasjonen i samband med rekneskapsføring, avgifter og eventuell garanti-/returhandsaming. Denne historikken vert ikkje sletta, då vi er pliktige til å ta vare på denne i samsvar med rekneskapslovverket.
Dei "Tekniske Personopplysningane" brukar vi til statistikk og for å betre makrnadsføringa vår. Til dømes vil vi kunne sjå kva for reklamekampanjar som gir oss mest besøk. Vi kan mellom anna sjå ved hjelp av dei "Tekniske Personopplysningane", om besøket ditt kom frå Facebook-annonsen vår i staden for frå Google-annonsen vår. Dette gjer det lettare for oss å finne personar som kan vere interessert i produkta og tenestene våre.


I bestillingsystemet i nettbutikken, blir altså følgjande data lagra:

 

  • Kontaktinformasjon –namn, adresse, leveringsadresse, e-postadresse, telefonnummer
  • Kjøpsoversikt – informasjon om kjøpet du gjer (varer og tidspunkt).
  • Informasjon om datamaskina di: IP-adresse (Remote Address), nettlesar-type (Agent) og kva for side du kom frå (Referrer)
     

Dine rettigheiter

Tryggleiken din er viktig for oss. Vi inhentar difor berre den informasjonen som er naudsynt for at du skal kunne fullføre kjøp hos oss, og den tekniske informasjonen som gir oss informasjon om kva for nettstad du kom frå, eventuelt kva for ein annonse som gjorde at du fann oss. Hos oss må du ikkje registrere brukarnamn og passord i nettbutikken for å kunne handle. Dette har vi gjort for å auke tryggleiken din og for at du skal sleppe å registrere endå eit brukarnamn og passord på Internett. Vi vil, på førespurnad frå deg, kunne anonymisere denne informasjonen i nettbutikk-databasen vår, dersom du ønskjer at vi skal gjere dette. Merk at vi IKKJE kan anonymisere eller slette den type informasjon som er naudsynt for at vi skal ivareta våre rekneskapsplikter, som nemnd ovanfor.

Dersom du er usamd i handsaminga av personopplysningane dine, har du klagerett til Datatilsynet, jfr. GDPR artikkel 15-22 og 77.

 

Betalingsløysing

Nettbutikken lagrar ikkje personnummer eller kortnummer – dette er noko som i så fall skjer i sjølve betalingsløysinga. Behov for dette kan variere alt etter kva for betalingsmetode du har valt ved betaling.
I betalingsvindauget vil det framkome tydeleg personvernerklæring som gjeld for den betalingsmetoden du vel og som vert drifta av underleverandøren vår av betalingstenesta.
Nettbutikken vår nyttar betalingsløysing frå Dibs/Nets.
Det kan være at betalingsleverandøren krev at du registrerer ein brukarprofil i deira system, for at du skal kunne betale med kort, delbetaling eller fakturabetaling. Dette er i nokre tilfelle naudsynt for at selskapet skal kunne gjere kredittsjekk, og for å forenkle kjøpsprosessen din neste gong du vitjar nettbutikken.

 

Kryptering

Vi handterer personopplysningane dine på ein sikker måte. Informasjonen som flyt mellom datamaskina di / mobiltelefonen din og vår nettbutikk, krypterast over HTTPS / SSL (Secure Sockets Layer). Dette gir beskyttelse mot avlytting og mellomleddsangrep.
 

Vår nettbutikk brukar cookies / informasjonskapslar

Kva er cookies og kva brukast dei til?
Slik som dei fleste nettbutikkane brukar også vi ein type cookies/informasjonskapslar (session cookies) i nettbutikken vår. Ein cookie kan ikkje skade datamaskina di.
Vi lagrar ikkje din person-informasjon i cookies, men kun eit id-nummer. Ein slik cookie mogleggjer at handlekurven «hugsar» kva du er i ferd med å kjøpe.  Dei fleste moderne nettlesarar (Google Chrome, Firefox, Internet Explorer, Safari, Opera, osv.) er innstilt til å akseptere cookies automatisk, men du kan sjølv velgje å endre innstillingane slik at cookies ikkje blir akseptert. Merk at utan støtte for slike cookies vil ikkje nettbutikken vår fungere.

Tredjeparts informasjonskapslar

Alt etter kva for funksjonar som fins på sida, kan tredjeparts informasjonskapslar også vere tilgjengelege. Desse kan vere Google AdWords kapslar for å vise relevant reklame.

Vi og våre samarbeidspartnarar (for eksempel Facebook og Google) sporar gjerne annonser for at vi skal vite kva for annonser du har sett på Internett og kva for produkt du har sett på hos oss, for å kunne tilpasse butikken etter interesseene dine og vise deg relevante annonser når du går ut på Internett igjen.

Informasjonskapslar frå sosiale medier kan vere i bruk på vår nettbutikk. Sjå lenker nedanfor.

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvenleg nettstad, ser vi også på brukermønsteret til deg som vitjar nettsida vår, gjerne gjennom bruk av til dømes Google Analytics og Facebook Pixel. Dette er statistikkverktøy som loggar informasjon som t.d. IP-adresser, kva for nettlesar som blir brukt, breibandleverandørar (ISP), operativsystem, dato og tid for besøk, kor lenge besøket varer, kva for nettstader brukarane kjem frå, samt kor mange som besøker ulike sider.

Informasjonen vi samlar kan vi bruke til å analysere trendar, slik at vi kan gjere nettsidene våre betre for deg som besøker oss på nett. Denne informasjonen vert lagra og handsama i Google og Facebook sine system og ikkje direkte i nettbutikken vår.
 


Personopplysningar til tredjepart

Vi sel eller leverer ikkje personopplysningar til tredjepart, og vi byttar eller videreformidlar heller ikkje slik informasjon med tredjepart. Dersom vår nettbutikk i fremtida blir seld eller overført til ny eigar, vil ny eigar overta det vidare personvernansvaret for dei data som er omtala på denne sida.


Eksterne lenker

Facebook cookies og personvern-policy
Google og YouTube personvern-policy
Google Analytics personvern-policy
Instagram personvern-policy

chat

Chat med oss

x