Ull er gull!
Ull som tekstil ber med seg lange tradisjonar i Hjørundfjorden. Varme ullklé var livsviktig for generasjonane før oss. Mang ein fiskar hadde nok frose fingrane av seg på vinterfiske om det ikkje hadde vore for ulla.
Hjørundfjordstrikk blei grunnlagt i 2020 med mål om å setje Hjørundfjorden på kartet gjennom moderne strikkedesign. Denne søndagen står Hjørundfjordstrikk klar med eit heilt nytt koftedesign; Kviven penkofte! Vi markerer at det er 12 år sidan Kvivsvegen opna, og med det blei E6 frå Volda til Oslo korta ned med 45 kilometer. For bygdene rundt har det hatt stor betydning! Arbeidsmarknaden blei med eitt mykje større, og har ført med seg nye strukturar i bygdene kring.
Søndagen i Bakketunet set fokus på norsk ull og strikkedesign som formidlar kulturhistorie frå Hjørundfjorden. I kafeen blir det servert fårikål og eplekaker.
Dei besøkande blir sjølvsagt oppfordra til å ta på seg sitt finaste strikkeplagg når dei besøker Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun denne siste opne søndagen i år.
Ope kl. 12-17
Marita Bett Aakre har designa Kvivenkofta og er svært glad i både den norske ulla og Kvivsvegen. Marita Bett har på seg den nye Kviven penkofte, som blir lansert 22. september.
Siste nytt
-
#sjekkdeggenser
30/09/24 -
Takk for besøket!
02/09/24 -
Koftedag i Bakketunet
23/08/24