BÆREKRAFTIGE KULTURAVTRYKK 

  Om Hjørundfjordstrikk 

 

Hjørundfjordstrikk er eit strikkemerke som ønsker å ta vare på og fornye norsk strikkekultur og -tradisjon.

Hovudmålet er å skape nytt strikkedesign med rot og inspirasjon frå Hjørundfjorden.

Gjennom Hjørundfjordstrikk ønsker vi å formidle natur, historier og kulturarv, og med det skape ei merkevare som blant anna er med på å

løfte Hjørundfjorden som reisemål.  

 

 

 

Besteforeldra mine var bønder, slik som dei fleste andre i fjorden i etterkrigsåra.  På slutten dreiv det pensjonerte paret berre med sau. Med avviklinga av sauehaldet på garden vart ei lang landbrukshistorie avslutta.

 

Forfallet hadde kome langt på dei allereie då gamle driftsbygningane i Bakketunet, og dei trengde sårt både vedlikehald og modernisering.

På dette tidspunktet var det ingen i familien min som hadde moglegheit til å gjere det som var var naudsynt for å halde fram gardsdrifta. Eit levande gardstun  med dyrehald vart historie i 1980.

 

Eitt av mine tidlegaste barndomsminner, er at eg var med bestefaren min i skogen for å finne friske skot til sauene. Det måtte vere blad av rogn, hugsar eg, for det likte sauene best, meinte han. Smakar du på eit rogneblad, har det smak av mandel. Kvar av sauene hadde namn, og dei var tame, men òg litt skjerre, spesielt på hausten når dei kom ned frå fjellet.

 

I vaksen alder kjem minna om sauehaldet i Bakkegarden fram som noko uendeleg godt, og det har i perioder kjennest lite naturleg å bu på ein gard utan eit miljø for dyrehald. Den tungstarta Massey’en frå -68 er parkert, og det same er kunnskapar om gardsdrift. Bygningane har heldigvis vorte vøla med god hjelp frå både Hjørundfjord kulturvernlag, Norsk kulturminnefond og Riksantikvaren, og klarer seg i nokre hundre år til.

 

Likevel! Her finst eit band mellom sauen og første generasjon som ikkje er sauebonde på garden! I mi tid og frå min ståstad har eg moglegheit til å bruke kulturarven på nye måtar. Ein dag stod eg her og skjøna kor viktig sauen har vore, og framleis er. Sauen som beitepussar og kjøtprodusent har redda eit heilt kystfolk frå både å fryse ihel og svelte ihel! Ull ER faktisk gull, og ein livreddar på fleire nivå. Sett i eit miljøperspektiv, er ull eit berekraftig tekstil med unike kvalitetar og som lagar milde klimaavtrykk.

 

I mine auge er norske bønder best på dyrevelferd. Sauen har det godt i Noreg. Berre sjå ut vindauget. Der oppe i høgfjellet beitar dei halve året, og gjer seg nytte av ressursar som vi elles ikkje kan bruke. Tilbake gjev dei oss kjøt og ull. Og Hjørundfjordstrikk!

 

Marita Bett Aakre, oktober 2022

 

 

 

Marita Bett Aakre driv Bakketunet på Bjørke, som er kjent for å vere Sunnmøres eldste, mest komplette gardstun.

Tunet opna for besøkande i 2010 etter mange år med restaureringsarbeid.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

chat

Chat med oss

x