Nyheit

GARNPAKKE - Volvogenser for damer

Volvogenseren er designa av Marita Bett Aakre som har brukt referansar frå eiga ungdomstid på 90-talet, der Esso - og rånemiljøet prega tidsbilete. Serien Rådebank trigga. Etter å ha sett serien i vinter blei første skisse til genseren nedteikna, mest for moro skuld. Men det handlar om så mykje meir enn råning. Det handlar om ungdomstid sett i perspektiv, det handlar om identitet og estetikk. Det handlar om kjærleik til Volvo, då spesielt Volvo 164.

 

Dessutan er det lurt med varm ull på kroppen når ein skal ut i ei kald vinternatt...

Før pris: Ikke medlem: 999,- NOK
Pris: 999,-

Nyheit

Del på

  • Produktinformasjon
DESIGN
Hjørundfjordstrikk v/ Marita Bett Aakre 
 
GARN
Rauma Finull 100% norsk ull, 50 g = ca 175 m
Rauma Garn Alpaca Silk, 25 g = 200 m

 

MÅL  

Overvidde:    86 (97) 109 (122) 130 cm

Heil lengde:  54 (56) 58 (60) 62 cm

Ermlengde:    52 (53) 54 (54) 55 cm

Ermhol:  23,5 cm i alle størrelser 

 

Genseren er strikka i ein tråd Finull saman med ein tråd Alpaca Silk. Kombinasjonen av desse to garnkvalitetane gir ei kjensle av både mjukheit og struktur, og saman blir dette eit lett og luftig plagg som held fasongen år etter år. Vår nye favoritt er Finull + Alpaca Silk <3

 

Kort kroppsnær modell med ballongermar. Dei tre fargekombinasjonen er inspirert av Volvo 164 sitt eige fargekart: Kongeblå, Karminraud  og Cypressgrøn.

 

 

chat

Chat med oss

x