Produsent: HJØRUNDFJORDSTRIKK AS
GARNPAKKE - Hjørundfjordgenseren Herre/Unisex
Signaturgenseren til Hjørundfjordstrikk som kjem i fire fargar:
Vår, sommar, haust og vinter!
Herregenser, som også passar godt til damer.
Mjuke bærekraftige avtrykk i 100% norsk ull.
På lager
Del på
- Produktinformasjon
- Video
HALSFELLING
Når ein har felt til raglan 25 - (27) - 29 - (32) - 34 gongar (og har igjen 180 – (188) – 196 – (208) – 224 m), sett ein av 31 - (35) - 39 - (39) - 39 maskar midt framme på forstykket til hals. No må ein strikke fram og tilbake. Omfaret begynner ved dei avsette maskane. Fell til raglan som normalt på dei rette omfara samtidig som ein feller i byrjinga av kvart omfar (mot halslinning) 3-3-3-3 (3-3-3-3) 4-3-3-3 (4-3-3-3-2) 4-3-3-3-2-2.
Avslutt med eit omfar raglan.
HALSKANT
Bytt til pinne nr 3. Begynn midt bak, og plukk opp maskar der ein har felt av til halsutringing med farge nr 2. Ta med dei maskane ein har sett av framme, til saman ca. 174 m i storleik L. Fell jamt fordelt til ca. 118 - (120) - 124 - (128) - 132 m. Strikk vrangbord 1 vridd rett 1 vrang i 7-8 cm. Fell av med rette og vrange maskar. Brett kanten dobbelt mot vrangen og sy fast.