Volvogenser!
Fredag 30. september lanserer Hjørundfjordstrikk eit heilt nytt design, ein mjuk haustfavoritt for damer.
Genseren er strikka i ein tråd Finull saman med ein tråd Alpaca Silk. Kombinasjonen av desse to garnkvalitetane gir ei kjensle av både mjukheit og struktur, og saman blir dette eit lett og luftig plagg som held fasongen år etter år. Vår nye favoritt er Finull + Alpaca Silk <3
Modellen er kort og ganske kroppsnær, og har ballongermar. Dei tre fargekombinasjonen er sjølvsagt inspirert av Volvo 164 sitt eige fargekart. Volvogenseren kjem i fargane Karminraud, Kongeblå og Cypressgrøn. For nybegynnaren bak strikkepinnane er dette ein genser som er lett å strikke på forholdsvis tjukke pinnar.
Kvifor Volvogenser, kan du kanskje spørre?
Genseren er designa av Marita Bett Aakre, som har brukt referansar frå eiga ungdomstid på 90-talet, der Esso- og rånemiljøet prega tidsbilete.
- Serien Rådebank trigga. Etter å ha sett serien blei første idè til genseren skissa ned, mest for moro skuld. For meg handlar likevel genseren om så mykje meir enn råning. Det handlar om ungdomstid sett i perspektiv, det handlar om identitet og estetikk, seier Aakre.
Og det måtte bli ein Volvo 164 sine særtrekk som fekk prege Volvogenseren. Crushet på bilen sit i enno, sjølv 30 år etter første møte.
-Ja, det er slik at når eg møter ein 164 på vegen eller i andre samanhengar, sperrar eg augene opp, og synest framleis det er den lekraste bilen som finst.
På 90-talet var bilen eit kjært framkomstmiddel som opna opp for at ungdom på byda møtte kvarandre. Samlingsstaden var Esso i Ørsta.
Ungdomstid
Har du nokon gong reflektert over kva som kjenneteiknar ungdomstid i dei ulike generasjonane?
I Hjørundfjorden er det lett å sjå attende til kvar generasjon. Våre oldemødre si ungdomstid var nok meir eller mindre fråværande. Livet gjekk rett i frå å vere barn til vaksen, med konfirmasjonen som eit viktig skilje. Livet bestod av arbeid på og rundt garden. Ei tid kunne livet på støylen gi ei slags friheit. Jentene blei sendt på sætra både for å passe på budskapen og for å mjølke og lage meieriprodukt. Arbeidet var hardt, men bar med seg ei viss friheit: til å vere borte frå foreldre og søsken. Kjenne på det å vere sin eigen herre. På sætra kunne ungdomen samlast, og det var jo ikkje slik at jentene då ikkje var interessert i gutar. Eller omvendt. For det var dei!
Etter krigen tok denne forma for arbeid og ungdomstid ei litt anna retning, og jentene blei nokre hakk friare. Frå populærkulturen får vi oppblomstring av ein ny ungdomskultur. Rock’n’roll! Nye førebilete. Musikken kom inn i stovene og til ungdomshusa. Ein ny stad å møte jamngamle. Dei første bilane byrjar å rulla i bygda, men det var langt i frå allemannseige. Dei første bilane kom til Hjørundfjorden for over 100 år sidan. Den gongen av praktiske grunnar. Først frå 1960 vart det opna for at alle kunne kjøpe bil her i landet.
Kjønnsrollene har vore tydelege i bygdene langs fjorden vår. Det var karane som drog ut og etterkvart tente gode pengar på blant anna fiske. Dei første ungdomsbilane kom nok med denne moglegheita til å tene gode pengar utanfor garden, og då skjønar vi òg kvifor det stort sett berre var karar som i denne delen av historien eigde bil.
På 70-, 80- og 90- talet får fleire og fleire ungdomar både lappen og bil. Historiene om bobler utan varmeapperat og vinterdekk har vi høyrt fleire av. Amerikanske bilar som sluker drivstoff. Sjølv om ingen klaga på høge drivstoffprisar på den tida. Senka Volvoar med sota vindauger, som etterkvart blir den kjende rånebilen på bygdene, etterfølgd av både BMW og Mercedes. Fellesnemnaren er likevel denne: Friheit! Friheit til å kome seg ut av bygda. Ut for å møte andre, ut for å samle erfaring og kompetanse. Gå litt på trynet. Røyse seg att. Vere ute desse vinternettene som kanskje gjer oss til ein ansvarsfull vaksen ein gang i framtida.
På vegen skadar det helder ikkje med ein varm og god genser som dessutan er ganske kul! Vi håper den blir tatt godt imot og at mange set seg bak pinnane til denne.
Ungdom 2022: Modellen vår Amalie Wille bur på Sæbø. Ho går 1. året på TIP ved Ørsta vgs. Eller Maskin og mek som vi sa på 90-talet.
Alle foto: TIND MEDIA
Siste nytt
-
-
Takk for oppdraget!
14/07/23
-
Vi lanserer Gråkolleskjerfet!
13/06/23