NYHENDE

Vinnar av konkurransen er....!

Publisert: 20/12/2020 oppdatert: 21/12/2020

Tidleg i desember bestemte vi oss for å dele ut garnpakkar i gåve til ein av våre følgarar på sosiale medium. Altså både på Instagram og på Facebook. 

Responsen har vore overveldande! 

Heile 369 har delteke på Facebook-konkurransen vår og 545 på Instagramkontoen vår @hjorundfjordstrikk.   

Vi har trekt ein vinnar. Er de klar? 

Vinnar av Facebook-konkurransen er Olianne Sæbønes, som ønsker seg fargekombinasjonen vinter av Hjørundfjordgenseren.  

På Instagram var det @molthe (Therese Moltudal) som trakk det lengste strået. Ho ønska seg vår. 

Gratulerer! 

Med konkurransen har vi fått nye følgarar og meir likes. Det set vi stor pris på i vegen mot å gjere strikkemerket vårt kjent. 

Tusen takk alle saman for engasjement! 

Vi måtte sjølvsagt til Hjørundfjorden når vi skulle trekke vinnarane. Her står vi på Sæbø, med utsikt mot Lekneset.  

chat

Chat med oss

x