NYHENDE

Vi søker sommarhjelp - kombiner jobb og fritid i hjarte av Sunnmørsalpane!

NA Publisert: 28/04/23     NA oppdatert: 28/04/23

Hjørundfjordstrikk er eit strikkemerke som ønsker å ta vare på og fornye norsk strikkekultur og -tradisjon.

Hovudmålet er å skape nytt strikkedesign med rot og inspirasjon frå Hjørundfjorden.

Gjennom Hjørundfjordstrikk ønsker vi å formidle natur, historier og kulturarv, og med det skape ei merkevare som blant anna er med på å

løfte Hjørundfjorden som reisemål.  

Hjørundfjordstrikk søkjer sommarhjelper til sesongen i Bakketunet.  

Sommarstid byr tunet på kunst - og kulturopplevingar med faste opningstider kvar søndag 12-17. Elles i veka tek tunet imot grupper. Hjørundfjordstrikk har strikkebutikk i to av bygningane i det freda mellomaldertunet. 

 

Ansvar og arbeidsoppgåver:

* Utstillingsdesign i strikkebutikken

* Betjening av fysisk butikk når tunet har ope

* Førebu til opne dagar 

* Behandle ordrar i nettbutikken 

* Ekstra jobbing i tunet om ønskeleg 

* Hjelp med marknadsføring

 

Ønska kvalifikasjonar:

* Interesse for kulturarv 

* Gode strikkekunnskapar   

* Er nøyaktig, tolmodig, strukturert og ryddig 

* Har blikk for det vakre!  

* God helse! Her blir det mykje trakk! 

 

Ei stilling som sommarhjelp byr på mykje fleksibilitet og varierte arbeidsoppgåver.  Personen vi søker må derfor sjølv vere fleksibel, der motivasjonen like mykje er å bu på Sunnmøre i sommar.

Vi ønsker primært ein person som kan vere her heile sommaren, men er opne for å dele opp i fleire perioder. 

Lønna arbeid når tunet har ope for besøkande. 

Opplæring vil bli gitt! 

Vi søker hjelp frå 1. juni t.o.m. 3. september. 

Treng du stad å bu har vi ei lita studioleiligheit i Villa Åkre som kan disponerast på visse betingelsar. 

Skriv ein uformell søknad til maritabett@hjorundfjordstrikk.no om kvifor du ønskjer å bu og jobbe i Bakketunet i sommar. Og evt kva periode som er aktuelt for deg. 

 

 

 

chat

Chat med oss

x