NYHENDE

Vi opnar butikk!

Publisert: 28/06/2021 oppdatert: 28/06/2021
Vi opnar strikkebutikk i Bakketunet! 

Søndag 11. juli kl. 12 opnar vi strikkebutikk i kammerset i Bakketunet!

 

I butikken kan besøkande finne alle produkta som du finn i nettbutikken, og noko attåt.

 

Vi brenn for det norskprodusert handverket, og presenterer varer frå blant anna Mellemgarden, BergArt og Leirbrent.

 

Bakketunet, som ligg innerst i vakre Hjørundfjorden, er kjent for å vere Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, og vitnar om korleis fiskerbonden levde.

 

Tunet har ope søndager 12-17 i perioden 11. juli til 22. august. I tunet kan ein oppleve gamal byggeskikk og kunst- og handverkutstillingar. På dagar med godt veir blir det servert pizza frå vedfyrt bakaromn.

 

Om du vil besøke butikken utan om opningstida, kan du gjere avtale om det med Marita Bett, som er drivar av Bakketunet.

 

Kontakt

91108846

 

Sjå program her:

 

www.bakketunet.com

 

chat

Chat med oss

x