NYHENDE

Vår første barnekofte!

NA Publisert: 15/03/24     NA oppdatert: 02/04/24
Hjørundfjordstrikk har strikk til alle målgrupper. Vi synest det er ekstra kjekt å lansere nye design for barna. Her kjem Hornindal-kofta! 

Mønsterrapportane i denne vakre barnekofta ber med seg forenkla rapportar frå Hornindalkofta/genseren, som igjen er inspirert av Raftevold-kruna i  Hornindalen.

 

Spissane i mønsterrapporten over vrangbord på ermane, gir kanskje assosiasjoner til to ljåblad som møtast i ein spiss. I 1900 var halvparten av alle vaksne menn der ljåsmeder, og ”Honndals-ljåar” var ei kjend handelsvare.   Honndølar er godt kjent for sitt framifrå handverk, med billedhuggaren Anders Svor som den mest kjende kunstnaren.

 

Etter at Kvivstunnellen opna i 2012 har avstanden blitt kortare mellom folket i Hornindal og Hjørundfjorden. Barna frå Bjørke går no i barnehage og på skule i bygda som blei ein del av Volda kommune i 2020.

 

Triokoftene som blei lansert i 2022, hadde eit mål om å knyte bygdene Hornindal, Bjørke og Sæbø tettare saman gjennom moderne strikkedesign.

 

FOTO: DAGNY SUNDE. Leah og Trym går i Tunåsen barnehage. Tilsaman går det 27 barn i denne barnehagen, som er privat. I Hornindal barnehage er det 25 barnehageborn. I Austefjorden er det ei avdeling under Hornindal, der det òg går 25 born. Dette er kommunale barnehagar. På Hornindal skule går det 158 elevar. Felles for alle dei små grendene i Hornindal og Hjørundfjorden er at vi ønskjer ny busetnad! Spesielt er barnefamiliar velkomne. 

chat

Chat med oss

x