NYHENDE

ULLDORRE

NA Publisert: 03/02/23     NA oppdatert: 08/02/23

Før stillongsen kom på marknaden, var det som oftast ulldorra som varma opp området under beltestaden når det var kaldt i veret. Ulldorre er eit gamalt og godt ord her på nordvestlandet for det ein kan kalle ullunderbukse. Desse varierte i storleik og design, og fanst for begge kjønn. No kan du nok ein gong få berekraftig ull til å sikre naudsynt varme for vitale kroppsdelar. I same slengen tek vi ei oppfriskning av begrepet, slik at det ikkje går i gløymeboka! 

Året er 1926. To gode venninner på ski. Emma Bjørke f. 1913 og Marie Aakre f. 1912.

Men ser du kva som er spesielt i dette bilete? Jau, Emma har på seg bukser, nokon som ikkje er kvardagskost på denne tida.

Historia fortel at frå 1890-åra blei bukser langsomt meir vanleg til sportsbruk, men det var først i 1920-1930 åra at bukser for kvinner blei akseptert som ein del av motedrakta, og som fritidsantrekk. Derfor var bukser eit sjeldan syn i Hjørundfjorden. Ikkje før 1960- og 1970-åra kom bukser inn i motebildet for fullt. Resten veit vi! 

Få unge i dag tenker nok over at det ein gang i historien ikkje var akseptert for kvinner å gå med bukser. Med denne historia kan ein kanskje tenke seg kvifor ulldorra var så viktig? 

 

Vi ønskjer at fleire skal bli kjent med ulldorra:

I februar har vi 20% rabatt på garnpakkane til Marie Ulldorra. 

 

I VG-strikk som kjem ut 13. februar, kan du også finne mønsteret gratis! Handlar du hos oss støttar du den lisje bedrifta inst i Hjørundfjorden. 

chat

Chat med oss

x