NYHENDE

TRIOKOFTENE - tek du utfordringa?

Publisert: 17/06/2022 oppdatert: 20/06/2022

Hjørundfjordstrikk blei etablert i mai 2020 med mål om å ivareta og fornye norsk strikketradisjon, der hovedmålet er å skape nytt strikkedesign som har rot og inspirasjon i Hjørundfjorden.

 

Hjørundfjordstrikk ønsker å formidle natur, historier og kulturarv, og skape ei merkevare som blant anna er med på å løfte Hjørundfjorden som reiselivsmål. 

 

Hjørundfjordstrikk har hatt ei svært positiv utvikling frå lanseringa av Hjørundfjordgenseren i september 2020. Og vi har langt på vei lykkast med å setje Hjørundfjorden på kartet gjennom strikkedesign.

Under opninga av Bakketunet søndag 26. juni i år vil vi vise fram første utkast til Triokoftene, ein kofteserie som består av ei Sæbøkofte, ei Bjørkekofte og ei Hornindalkofte.

 

Koftene sine design tek føre seg nokre av kjenneteikna frå kvar av stadane. I Sæbøkofta vert det henta inspirasjon frå Hjørundfjord kyrkje til mønsterelementa. I Bjørkekofta kan vi også drage kjensel på kyrkjedekor frå Storfjorden kyrkje, turbinhjul og fossefall. Frå Hornindal dreg vi fram brudekrune og ljåblad som dekorelement.

 

Men så var det dette med fargar! Vi ønsker at det strikkande folk skal få ta del i fargevalget og slik vere med på å setje sitt  preg på koftene.

 

Derfor inviterer vi ivrige strikkarar med ekstra god fargesans til å vere med på å finne signaturfargane til koftene. 

 

Det fungerer slik:

 

Du får mønsteret til kofta som du ønskjer å strikke, som du sjølv bestemmer fargar til. Du kjøper garnet i fargane du meiner kan representere og fungere til kofta, og strikkar prosjektet. 

 

Damene bak triokoftene tek vurderinga rundt kva fargekombinasjon som skal vere med vidare som signaturfarge til dei tre koftene.

 

Du får behalde kofta, men vi vil gjerne låne ho for å ta bilete til den endelege lanseringa i haust. 

 

Om det blir mange som har lyst til å vere med på utfordringa, set vi eit tak på maks 5 per kofte. (Blir bestemt etter første- mann til mølla prinsippet).

 

Skriv oss ein e-post eller møt opp i Bakketunet 26. juni. Då vil du få sjå koftene, eit mønster og du kan starte arbeidet.

 

Send e-post til: maritabett@hjorundfjordstrikk.no 

 

 

Bilete i headeren er det som skal bli Bjørkekofta. 

chat

Chat med oss

x