NYHENDE

TRIOKOFTENE - Sæbø - Bjørke og Hornindal

Publisert: 13/10/2022 oppdatert: 06/03/2023

Bygdene langs fjorden, og over eit fjell, har hatt kontakt med kvarandre gjennom generasjonar, og har nådd kvarandre med båt og til fots.  Med nye vegar og eit hol gjennom eit fjell, har infrastrukturen mellom bygdene aldri vore betre.  

Med dette som utgangspunkt, bestemte Hjørundfjordstrikk seg for å binde dei tre bygdene litt tettare saman med ein koftetrio. Kanskje kan avstanden bli litt kortare?      

SÆBØ

 

Sæbø tyder "garden ved sjøen", og der har den lisje bygda eksistert i fleire hundre år, kanskje først som berre ein gard.

 

Dekorelementa i Sæbøkofta er inspirert av dekorasjonane i kyrkja på Sæbø frå 1880. Kyrkja vart dekorert av den lokale målaren Peder Urkegjerde Skår etter skisse frå arkitekten Henrik Nissen. Fram til 1920 var det den einaste kyrkja i Hjørundfjorden og var også kyrkje for Bjørke. Ingvil Aasen Flatnes frå Sæbø har designa kofta for Hjørundfjordstrikk.

 

Sølvi Anita Rekkedal kjem frå "garden ved sjøen".  

 

 

BJØRKE

 

Namnet Bjørke tyder ”lysing i skogen”, og kanskje er det den mektige Tyssefossen som er lysinga i skogen, og som har gitt namn til bygda. Inspirasjonen til Bjørkekofta har Marita Bett Aakre henta frå dekorasjonane i Bjørkekyrkja som var ny i 1920. Kunstnaren bak dei var Johan Haddal. Fargepaletten i kofta er henta frå kyrkja. 

 

Marita Bett har fått god hjelp frå Astri Saure med å lage mønsteret til denne kofta. Dei som handlar garnpakkar til denne, kan sjå at ein lett kan gjere eigne valg i mønsteret. 

 

Sofie Viddal har røtene sine frå Hjørundfjorden. 

 

 

HORNINDAL

 

Hornindal ligg ved Hornindalsvatnet , som er Europa sin djupaste innsjø (514 m djup).

1. januar 2020 blei Hornindal kommune slått saman med Volda kommune. Etter at Kvivsvegen opna for 10 år sidan har kontakten mellom bygdene blitt sterkare enn nokon gong før.

 

Mønsterrapportane på bringa er inspirert av dei vakre brudekrunene frå Honndalen.

Spissane i mønsterrapporten over blant anna vrangbord på erm og bol, gir kanskje assosiasjonar til to ljåblad som møtest i ein spiss. I 1900 var halvparten av alle vaksne menn der ljåsmedar, og Honndals-ljåar var ei kjend handelsvare for mellom anna folket i Hjørundfjorden. Ljåseljarar gjekk då over fjellet Kviven med varene sine. I dag når vi lett Hornindal gjennom Kvivstunnellen. Honndøler er godt kjende for sitt framifrå handverk, med bilethoggaren Anders Svor som den mest anerkjende kunstnaren.

 

Ei ekte honndalsjente: Rita Hamre Lødemel som er etterkomar av O.P. Lødøen.  

 

 

Vi er så stolte over dette konseptet! Og vi må sjølvsagt takke alle som har bidratt i prosjektet: Design, teststrikk og teknisk korrekturlesing. Modellar og fotograf! 

Tusen takk alle saman! Dette hadde vi aldri greidd utan dykkar hjelp!

 

 

 

FOTO: Tind Media 

chat

Chat med oss

x