NYHENDE

Teststrikk Indiefjordjakke?

NA Publisert: 30/05/24     NA oppdatert: 30/05/24

Indiefjord er ein liten, internasjonal indiepop-festival på Bjørke ved Hjørundfjorden. Festivalen nyttar heile bygda som scene, blant anna Bakketunet, ungdomshuset Haukly, Bjørke kyrkje og Notanaustet. Tidlegare gjestar og band nemner ofte Bjørke som den finaste staden dei har vore – og ein stad dei tenkjer seg tilbake til når tidene er tøffe.

Indiefjord starta som ein vennefestival sommaren 2014, med mål om å hente indiepop til fjorden. Musikk og kjærleik er for alle – difor er musikarane og gjestane alle kjønn og legningar og frå alle kantar av verda.

Dei som besøker festivalen er bygdefolk for ei helg – og alle skal kjenne seg velkomne. Kulturutvekslinga mellom norske og utanlandske band og gjestar er minst like viktig som sjølve musikken.

I år fyller festivalen 10 år! 

Det aller kjekkaste med å drive Hjørundfjordstrikk er å utvikle nye idear, og så lenge vi har kundar som handlar garnpakkar hos oss, har vi moglegheit til å gi ut nye design. 

Denne gangen spør vi om litt hjelp frå våre kjekke strikkarar! Vi treng teststrikkarar til alle storleikane frå XS til XXL! Du kjøper garnet til jakka som er strikka i Rauma Finull og Plum, og får behalde jakka sjølv. Teststrikkinga inneber at du sjekkar mønsteret for feil, finn rett garnmengd til din storleik, og hjelper oss med å gjere mønsteret mest mogleg brukarvenleg. Jakka er både lett- og kjappstrikka, liker vi å tru; utan mønsterrapportar og med raglanfelling. Korte ermar har ho og! 

Inspirasjonen til fargane er henta frå den grafiske profilen til Indiefjord, som er laga av Luke Murphy.

Vi berre digga fargane i årets Indiefjord-profil!  Flaks for oss at Rauma Garn har ein rikhaldig palett av Finull og Plum! 

Send e-post til maritabett@hjorundfjordstrikk.no om du vil hjelpe oss med å teststrikke jakka. 

Denne gangen er et lov til å dele stirkkeprosessen i sosiale medium. 

PS. Vi jobbar med å oversette mønsteret til engelsk også! 

Årets program med ein særleg fin grafisk profil, som vi har lete oss inspirere av! 

 

chat

Chat med oss

x