Takk for oppdraget!
Hausten 2019 blei ideen om eit eige geografisk design for Hjørundfjorden lagt på bordet for første gang. Knapt eit år etter er den no så velkjente Hjørundfjordgenseren ein realitet.
At ein enda meir kjent fjord enn vår velger å gjere det same, og bruke Hjørundfjordstrikk til hjelp med utforminga, er ei stor ære!
10. juni lanserte Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Hjørundfjordstrikk og Rauma Ullvarefabrikk verdsnyhenda GEIRANGERFJORDGENSEREN!
Når verdsarvområdet kring Geirangerfjorden samarbeider med aktørar frå Hjørundfjorden og Rauma, samlar ein tre av dei mest spektakulære fjordlandskapa i landet. Då er det duka for ei spennande, lokal og berekraftig produktutvikling.
- Denne dagen har vi verkeleg gleda oss stort til! Vi har lenge ønska oss ein Geirangerfjordgenser, som har sine tydelege røter og inspirasjon frå verdsarvlandskapet. – Vi driv ein butikk i vårt besøkssenter Norsk Fjordsenter og har besøkande frå heile verda innom dørene våre. Då er det svært verdifull for oss å få fleire lokale og berekraftige produkt frå vår eigen region. Det er eit pluss at produkta er heilt unike og ikkje vert seld langs heile kysten av Norge. – Gjestane våre etterspør lokale produkt og vi skulle ønske at vi hadde endå fleire varer som er produsert i Norge. – Denne gensaren vert såleis eit «kinderegg» av eit produkt som både er designa og produsert lokalt, og med norsk ull. – Vi er svært privilegerte som har ein ullvarefabrikk rett i nabolaget vårt. Slik kan vi skilte med lokal produksjon og bruk av ull frå norske gardar, betre kan det knapt bli! seier Kathrin Bakken Blomvik begeistra.
Genseren er designa av Hjørundfjordstrikk ved Marita Bett Aakre, og kjem både som ferdigstrikk og som garnpakke.
Modellane er sjølvsagt frå Geiranger: Julie Muren Mjelva og Oddvin Westerås, foto: Tind Media.
Vi takkar for oppdraget og gratulerer Geiranger med ny genser!
Geiranger med ny genser og takkar for oppdraget!
Siste nytt
-
-
Vi lanserer Gråkolleskjerfet!
13/06/23
-
Strikkebutikken i Bakketunet opnar
13/06/23