Takk for besøket!
Sesongen i år byrja i slutten av juni, men allereie i mai var strikkebutikken i tunet klar for å ta imot gjestar.
Det har vore ein heilt utruleg fin sesong! Folk frå alle verdsdelar har funne vegen til det gamle gardstunet inst i Hjørundfjorden! Det gledar oss at våre design blir å sjå finne att i heile den vide verda!
Ei av målsetjingane med Hjørundfjordstrikk var nettopp å setje Hjørundfjorden på kartet gjennom moderne strikkedesign.
Produkta til Hjørundfjordstrikk representerer lokal og berekraftig verdiskaping. Eit ekte norsk produkt tufta på kulturarv.
Vi er så klart kjempestolte over å ha fått til eit så unikt og samtidsaktuelt produkt!
Men Hjørundfjordstrikk hadde ikkje vore til utan dei dyktige strikkarane, sommarhjelpene og alle dykk som handlar garnpakkar hos oss!
TUSEN TAKK TIL ALLE SOM PÅ EIN ELLER ANNAN MÅTE HAR BIDREGE!
Helga 14. september er vi å finne på stand under FÆBRIKSTAD i Vikingskipet på Hamar.
Siste nytt
-
Koftedag i Bakketunet
23/08/24 -
Raus og loden Sæbøgenser
23/08/24 -
Indiefjord 2024!
04/07/24