NYHENDE

Sunnmøre strikkefestival - her kjem vi!

NA Publisert: 24/02/24     NA oppdatert: 24/02/24
Det er ikkje ofte vi har høve til å delta på festivalar, men denne gangen takka vi ja, og set kursen mot Ulsteinvik med alt vårt strikke-pikk-pakk 8. mars!  

Det var på høg tid at Sunnmøre får sin heilt eigen strikkefestival. Det er berre å ta av seg hatten og bøye seg i støvet for dei driftige damene som arrangerer Sunnmøre Strikkefestival!

Hjørundfjordstrikk har ei lita overrasking som vi ønskjer å dele med dykk under desse dagane. I vinter har vi samarbeidd med Hildegunn Moltubakk om å designe ei eiga Hildegunnkofte. Med ein frisk og vårlig palett blir kofta like fargerik som Hildegunn sjølv! Kofta er strikka i to trådar Rauma finull og Plum. Vi kan glede oss til fire ulike fargevariantar av designet.

 

Les programmet her:

chat

Chat med oss

x