NYHENDE

Strikkehelg i Geiranger

Publisert: 25/10/2020 oppdatert: 25/10/2020
Hjørundfjordstikk AS er ei ung bedrift som blei etablert 13. mai 2020. I I strategiplanen vår står det at Hjørundfjordstrikk AS ønsker å ivareta norsk strikkekultur og -tradisjon. Vi vil utvikle ny strikkedesign som har rot og inspirasjon i området Hjørundfjorden. Vi vil skape ei merkevare som også er med på å løfte Hjørundfjorden som reiselivsmål.

Med desse orda i ryggmargen starta vi det som til no har vore ei svært spanande og lærerik reise. Fram mot lanseringa av Hjørundfjordgenseren har vi gjort oss mange erfaringar. Sus i serken gir ofte kunnskap og erfaring, på godt og vondt.

 

Fram mot jul har vi fått fleire spanande førespurnadar om å delta på strikkekafé og anna.

 

I veka som var debuterte vi med foredraget vårt på Geiranger Bakeri i Volda. Komande veke, onsdag 28. oktober, deltek vi på strikkekafé på Sæbø. 

 

Dessutan gler vi oss stort til å vere med på Strikkehelg i Geiranger 7.-8. november. Der bla. Strikkebitsj skal delta.

 

Kanskje dukkar vi også opp på ei og anna julemesse framover. Garnpakkar av Hjørundfjordgenseren håper vi uansett kjem til å finne vegen under mange juletre i år.

 

chat

Chat med oss

x