NYHENDE

Strikkebutikk i kammerset

NA Publisert: 25/06/24     NA oppdatert: 25/06/24

Ein gang i tida var kammerset bustaden til "gamle gommer", Anna Berntsdatter Aakre. Ho budde på garden frå ho blei født i 1853 fram til ho døydde i 1948.   

No har Hjørundfjordstrikk fast plass i kammerset, og kan kanskje gi inspirasjon til nye strikkeprosjekt, der du finn garnpakkar til alle våre design. 

Søndag 30. juni opnar Bakketunet sin 15. sommarsesong, og dei besøkande kan igjen oppleve det autentiske gardstunet, som var i drift heilt fram til 1980-talet. No har tunet status som eit nasjonalt kulturminne. Tunet blir tatt vare på med den aller største kjærleik, og besøkande kan oppleve det heilt spesielle miljøet som den gamle garden representerer, der eldste tømmer er frå 1549!  

 

Årets hovudutstillar er Inger K. Giskeødegård. Utstillinga "Kultur- og bylandskap, med og utan kyr", er å sjå i tunet til og med 1. september. 

 

 

 

Sopran Karen Rosenberg Olsen står for det musikalske innslaget førstkomande søndag. 

 

Denne første opne søndagen serverer vi bacalao. 

 

 

chat

Chat med oss

x