Bakketunkofta blir lansert 23. juni!
På sjølvaste gebursdagen til Anne Mari lanserer vi Bakketunkofta. Søndag 23. juni fyller ho heile 83 år! Like lenge har ho budd på garden inst i Hjørundfjorden. Anne Mari er den siste bonden i Bakkegarden, der gardsdrifta blei lagt ned i 1976. Frå ung alder var ho med på å hjelpe til, og spesielt hadde ho eit godt lag med kyrne. No får den gamle garden sitt eige koftedesign!
I designet har vi tatt med seg åttebladsrosa som er inspirert av vevnaden til Marie Aakre (f.1888). Ho var bestemora til Anne Mari. Fra gammelt av symboliserer åttebladsrosa velstand og fruktbarheit. Borda med kunamn er namn på kyr som ein gang levde på garden. Kua på erma er valgfri å strikke og er inspirert av Kufjordkofta. Ei bord med gule blomster er med. Dei skal førestille stauda "Kyss meg over gjerde", som blømer så vakkert i slutten av august rundt den gamle røykstova i Bakketunet. Tre av bygningane i tunet har tømmer datert til 1549. Mønsterelementet med kors på bolen gir referansar til tidsperioden med reformasjon av kyrkja.
Anne Mari har sjølv fått velge fargar til den oransje varianten av Bakketunkofta. Og etter litt overtaling, stilte ho som modell for kofta. Det er vi ekstra glad for!
Kofta er strikka i Rauma finull, ekte norskprodusert ull, som dessutan har ein fantastisk fargepalett med sine 134 fargar. Det er ikkje rart at Hjørundfjordstrikk berre elskar denne garnkvaliteten!
Bakketunkofta kjem i tre ulike fargevariantar. Vi gler oss til å vise alle tre!
Siste nytt
-
Takk for besøket!
02/09/24 -
Koftedag i Bakketunet
23/08/24 -
Raus og loden Sæbøgenser
23/08/24