NYHENDE

Samarbeid med Tind of Norway

Publisert: 19/04/2021 oppdatert: 19/04/2021
Vi har nettopp oppdaga eit nytt sminkemerke som vi har lyst til å framsnakke. Det er norskprodusert, og med ein fargepalett som vi berre diggar. Kanskje fordi den kler så godt genseren vår? Sjekk ut Tind of Norway! 

Elisabeth Leira Dalseth (i midten) er ekte hjørundfjording og er kvinna bak Leira Lash. Med bakgrunn som hudpleiar har ho spesialisert seg på vipper og bryn. Nyleg blei ho forhandlar av Tind of Norway, som vi no er så heldige å ha oppdaga. 

  

Hjørundfjordgenseren i fargen vinter kan godt kombinerast med varm hudsminke. Lipgloss med fargen North.

 

Til og med dei barske mannfolka lot seg sminke for anledninga. Lett og usynlig sminke for reinare hud utan å dekke til fregner. Ein liten touch på bryna er også lov, sjølv for den maskuline "skjeggemannen".

Foto: Patrick Aguilera

Tind of Norway er norskprodusert mineralsminke som er like mykje hudpleie som make-up, med pleiande og næringsrike ingrediensar som bl.a norsk caviar ekstrakt og tindvedbær. Passar til alle hudtoner og hudtyper. Alt frå ungdomshud til godt voksen hud, med fleksibel dekkevne, rikt pigmentert og naturlig finish.

Lyst til å vite meir?

Kan prøvast på Leira Lash og kjøpast der eller på nettbutikken:

www.leiralash.selz.com

 

chat

Chat med oss

x