NYHENDE

Sæbøgenseren

Publisert: 02/05/2022 oppdatert: 01/11/2022

Våren er ei fin og grøderik tid. Det er det også for Hjørundfjordstrikk som er aktuelle med fleire nye design fram mot sommaren. På lanseringsblokka står blant anna Triokoftene, som er arbeidstittel til tre koftedesign med planlagd lansering 26. juni. 

Dei tre koftedesigna som er under arbeid har geografisk tilknytning til Hornindal, Bjørke og Sæbø. I prosessen med Sæbøkofta dukka det opp ein ny idè, ein Sæbøgenser med ein spesielt fin symbolikk.

 

Bak Sæbødesignet står Ingvil Aasen Flatnes, som har lete seg inspirere av kyrkjedekoren i Hjørundfjord kyrkje.

 

- Eg takka med ærefrykt "tja" til å designe ei Sæbøkofte for Hjørundfjordstrikk. Eg kjende meg korkje kompetent nok, eller innfødd nok til å ta på meg eit slikt oppdrag. Marita viste meg eit utkast ho hadde teikna til Bjørkekofta, og då tok lysta overhand. Spennande! Eg teikna først ei kofte med eit ganske snirklete, heildekkjande mønster, og tenkte litt på at det kanskje blei litt innfløkt med så mykje mønster. Svigermor var heilt enig, og meinte eg heller burde gå for noko enkelt. Kofta var eg allereie blitt glad i, og eg likte at den "snakka så godt" i lag med Bjørkekofta. Det var då ideen om TO design dukka opp, og ikkje ville sleppe tak. Eg teikna ein Sæbøgensar i tillegg til kofta. Mønsterrapportane er dei same, men designet på gensaren er mykje enklare. Eg synest jo sjølv at det er mykje kjekkare å strikke gensarar då dei er mykje enklare å ferdigstille enn ei kofte.  Det skal vere både raskt og enkelt å strikke seg ein Sæbøgensar! Har du aldri strikka gensar før, er denne flott å starte med! meiner Ingvil. 

 

-At gensaren no blir lansert før kofta er fordi vi ville rekke Bygdepride, og det heldt akkurat! 

 

Rapportane er inspirerte frå dekoren i kyrkja som skriv seg tilbake heilt til arkitekten. Når ein sit i kyrkjerommet er det lett å la augene kvile på dekoren, og la tankane vandre. Eg likar tanken på at folk på Sæbø sat og undra seg over desse stjernene og blomane for fleire hundre år sidan. Skal tru kva dei tenkte? I tillegg til kyrkjedekoren leitte eg etter andre særprega element å ta med i eit Sæbø-design. Flott med fjell og fjord, men eg kom til å tenkje på at eg er skikkeleg stolt over at Bygdepride starta her på Sæbø. Eg synest det er viktig å formidle bodskapen om at folk på bygda kan vere som dei er, her dei er.  Ein skal ikkje måtte "gøyme seg" vekk i byane fordi ein fryktar bygdedyret sitt fordømmande skråblikk og giftige tunge. Bygda er for alle! Og det har vesle Sæbø vist heile Noreg! 

 

- Dersom det blir litt mykje fargar for nokre, er det fullt mogleg å byte ut regnbogefargane med dei andre mønsterfargane i gensaren. Det er same rapport som elles i mønsteret.

 

- Den lyseblå fargen viser til blå himmel og er visstnok gamlefargen til idrettslaget på Sæbø, har eg blitt fortalt. Ein flott farge til ei flott bygd, og dessutan lekker til dongeribukse! Eg håpar mange vil strikke seg ein Sæbøgensar mens dei ventar på Sæbøkofta som kjem til sommaren. Kofta blir utan regnboge, sidan der er så mykje mønster frå før, seier ei spent Ingvil som debuterer som strikkedesignar. 

 

 

Vi er veldig glade for at Sæbø-samfunnet deler dei same verdiane som Bydepride. Openheit, toleranse og mangfald. Bygda er for alle. 

 

Og med desse verdiane i ryggen, er vi svært stolte over å kunne gi Noreg eit nytt geografisk design, med eit bodskap som vi vonar gjeld i alle bygder og byer.

 

Genseren blir tilgjengeleg i nettbutikken frå 7. mai, som også er startskotet for Bygdepride.

 

Visste du at…..

 

Namnet Sæbø tyder garden ved sjøen, og der har Hjørundfjord kyrkje stått sidan 1580-talet. Der har folket i heile fjorden samlast til høgtider, og trossa naturkreftene i båtar og langs vegane. Inspirasjonen til denne kofta er henta frå dekorasjonane i kyrkja som stod ny i 1880, og som Peder Urkegjerde Skår måla etter skisse frå arkitekten Henrik Nissen. Dei vakre motiva har gleda generasjonane før oss, og kan no også leve vidare utanfor kyrkjeveggane i designet til Ingvil Aasen Flatnes.

 

Lise og Alexander med Sæbø DS Ekspedisjon, også kalla Dampen, i bakgrunnen. Her blir det opningskonsert med Egil Olsen laurdag 7. mai, som er startskotet til årets Bygdepride.  

Foto: Tind Media 

chat

Chat med oss

x