Raus og loden Sæbøgenser
Kulturformidling gjennom strikk har blitt eit tydeleg varemerke for Hjørundfjordstrikk. Når Raus og loden Sæbøgenser blir lansert i helga under Hjørundfjord Mat- og kulturfestival, er det med kyrkjesymbolikk som inspirasjonskjelde.
Strikkeproduktet ber med seg ein mønsterrapport som er lett å kjenne igjen. Blomar og eit karakteristisk kryss, som vi likar å tru er ein assosiasjon mot andreaskorset; eit element i stavkyrkjekonstruksjonar.
Mønsteret i Sæbøgenseren er inspirert av dei vakre dekorasjonane i kyrkja på Sæbø frå 1880. Kyrkja vart dekorert av den lokale målaren Peder Urkegjerde Skår etter skisse frå arkitekten Henrik Nissen. Fram til 1920 var det den einaste kyrkja i Hjørundfjorden og var også kyrkje for Bjørke.
Genseren har fått namnet Raus og loden Sæbøgenser. Bak designet står Ingvil Aasen Flatnes, som har designa genseren for Hjørundfjordstrikk. Flatnes bur på Sæbø, og kanskje er det med ei viss dobbelheit at genseren har fått dette namnet.
Sæbø er ei spesielt raus bygd! Det var her Bygdepride starta, og med det tok tak i verdiane våre; Bygda er for alle!
Den nye Sæbøgenseren er strikka i Rauma Finull + Plum, som gir eit lodent uttrykk. Genseren kjem i to fargevariantar, og har ei raus overvidde.
Altså ein raus og loden genser!
Vi gler oss til lansering førstkomande laurdag!
Hjørundfjord Mat- og kulturfestival blir arrangert laurdag 31. august, der det blir ymse programinnslag og nærare 30 standar.
Marknaden held ope mellom kl 1100-1500.
FOTO: Tind Media
Siste nytt
-
Takk for besøket!
02/09/24 -
Koftedag i Bakketunet
23/08/24 -
Indiefjord 2024!
04/07/24