NYHENDE

Romantikkstrikk

Publisert: 09/05/2022 oppdatert: 09/05/2022
Romantikkstrikk er eit nytt strikkemerke under Hjørundfjordstrikk der både nye og etablerte strikkedesignarar har samla seg

Etter to år med pandemi og sosiale avgrensingar, er vi igjen klare for sprudlande møter og sommarfestar.

Romantikkstrikk representerer det glade strikket,  med høg flettefaktor og delikate fargar! 

 

La oss kalle det ein klassisk romantisk kolleksjon som speglar ei lystigare tid der det er lov til å vere sosial. 

 

Vår visuelle profil har eit nostalgisk uttrykk, der vi også spelar på kontrastar.

 

For oss er det sjølvsagt å bruke norskprodusert garn frå Rauma Garn. God kvalitet på garnet er kjempeviktig når du legg ned tid og kjærleik i eit strikkaplagg, som kan vare i fleire generasjonar. Som igjen er eit viktig poeng inn mot ein sirkulær økonomi. 

 

Lansering av første design skjer i april 2022. Så kjem det fleire nyheiter ut over våren og sommaren. 

 

Vi gler oss til å dele dette med dykk! 

Siste nytt

chat

Chat med oss

x