NYHENDE

Øyejakke og ulldorre

NA Publisert: 07/11/22     NA oppdatert: 08/11/22

 

Med ein rik kulturarv er det lett å bli inspirert!

Camilla Tafjord har igjen designa ei nydeleg romantisk jakke for Hjørundfjordstrikk.

Og denne nyheita har vi jobba med lenge. Designprosessar tek som kjent litt tid. Men målet var å bli ferdig før jul. Det klarte vi heldigvis!  

Det er Camilla Tafjord som står bak det nye designet frå Hjørundfjordstrikk. Ei midjekort og feminin jakke som har fått namnet Øyejakka. Inspirasjonen til forma på jakka har Camilla henta frå bunadskjorta til Sunnmørsbunaden. Du dreg kanskje kjensel på dei vide ermane, og kragen som står av seg sjølv, om du berre har vore tolmodig nok med strykejernet. Jakka har fine detaljar som raglanfelling med fletter på kvar side av aukingane, og eit knytebelte med flette. 

 

Broderiet på ryggen er inspirert av broderia på ein gamal bunad. Bunaden høyrde til Petrine Myrhol g. Øye (f. 1903), som budde på Øye i Norangsfjorden. Denne tekstile skatten blei gitt i gåve til Bakketunet av etterkomarane til Petrine.  

 

                       

Bunaden til Petrine kan du sjå i                         Huset på Holane på Øye.  

Bakketunet sommaren 2023

 

Nytt for Hjørundfjordstrikk er å bruke broderi på strikk. Dette er eit samarbeid mellom Bunadstas og Hjørundfjordstrikk. I mønsteret har vi med bilete av broderiet og tips til korleis ein skal brodere det på. Det er sjølvsagt valgfritt om ein vil ha med broderiet. Vi synest broderiet er ein fin detalj og eit vakkert dekorelement til jakka, som òg er med på å gjere synleg og ta vare på eit spor etter ei kvinne som ein gang levde i fjorden.  

 

Til jakka har vi laga ei varm og god ulldorre til. Denne er det Nina Birkeland som har designa. Begrepet ulldorre er eit gamalt uttrykk for ullunderbukse. 

 

Begge plagga er strikka i Finull og dobbel Plum frå Rauma Garn, og gir eit mjukt uttrykk.  

 

 

   

Denne hårnåla er spesielt laga for oss. Sjekk @bunadstas på Instagram.

chat

Chat med oss

x