NYHENDE

Oktoberfest for Kufjordkofta

Publisert: 04/10/2020 oppdatert: 04/10/2020

Med Hjørundfjordstrikk ønsker vi å formidle smakebitar frå ein rikhaldig kulturarv, samstundes som vi skaper nye historier og er med på å bygge ei merkevare rundt Hjørundfjorden, som er på god veg til å bli ein attraktiv turistdestinasjon.  

«Kufjorden» er eit namn som vart mykje brukt om Hjørundfjorden tidlegare. Dette handla om at gardbrukarane lokalt og på øyane rundt Ålesund, rodde kyrne sine inn i fjorden, slik at dyra skulle få gode beiteområde sommarstid og dermed meir mjølk. Det synte ei god utnytting av småe ressursar. I våre dagar er dette historie, men kanskje kan namnet og historia leve vidare gjennom Kufjordkofta. 

Kufjordkofta er første design frå Hjørundfjordstrikk. Ei kofte som finst i to spreke fargevariantar, og som kan bestillast som garnpakke, eller som einskild mønster, der ein lett kan gjere sine eigne fargevalg. 

I heile oktober køyrer vi eit godt tilbod på garnpakkar til Kufjordkofta, som kan bestillast i nettbutikken vår. 

Fornøgde kyr er no rodde tilbake til fjøsane sine i øyane rundt Ålesund og lokalt, og er klare for vinteren. Vinterforet er nøysamt henta inn frå kvar ein teig, og er på plass i hus og løder.  Visste du forresten at det var tilgangen på vinterfòr som bestemte kor mange dyr kvar gard kunne ha? 

Sopran Karen Rosenberg Olsen lokkar på kyrne i Bakketunet under lanseringsfesten for Hjørundfjordgenseren.  

chat

Chat med oss

x