NYHENDE

Nytt kapittel

Publisert: 14/07/2021 oppdatert: 14/07/2021
Hjørundfjordstrikk AS blei grunnlagt våren 2020 med eit mål om å formidle historie og kulturarv frå Hjørundfjorden med nyskapande strikkedesign, og med det skape ei merkevare som blant anna er med på å løfte Hjørundfjorden som reisemål.

Hjørundfjordgenseren var første prosjekt som skulle ta dette ut i livet.  Etter at første driftsår i Hjørundfjordstrikk er fullført, kan gründerane, Marita Bett Aakre og Linda Olason Erdal El’Mourabit, seie seg godt nøgde med mottakinga. Garnpakkar har blitt sendt til ivrige strikkarar frå nord til sør. Eit signal om at designet har hatt ein appell langt utanfor Hjørundfjorden.

 

Såleis er første kapittel av Hjørundfjordstrikk over og Marita Bett og Linda er klare for å starte eit nytt kapittel. Linda har i fleire år jobba med mange idear innan strikk og design som har blitt lagt på vent etter at Hjørundfjordstrikk vart etablert. For at Linda skal få tid til å vidareutvikle desse ideane, har gründerane blitt samde om å skilje lag, i alle fall for denne gang. Prosjektet Hjørundfjordgenseren starta i Bakketunet på Bjørke, og dette har såleis vorte ein naturleg heim for Hjørundfjordgenseren. Marita Bett vil halde fram med å drive Hjørundfjordstrikk AS, og vidareutvikle det gode grunnlaget som er skapt for strikk og design med utgangspunkt i Hjørundfjorden.

 

- Det er sjølvsagt synd at Linda ikkje blir med vidare, vi har vore eit kjempebra team. Når eg no fekk moglegheit til å drive vidare, kunne eg ikkje seie nei til det. Hjørundfjordstrikk inneheld ei administrativ rolle, som eg no vil gå fullt inn i. Skapartrangen er der, og eg er allereie i gang med å utvikle nye spanande konsept som skal gjere nye løft for kulturformidlinga i Hjørundfjorden.   

 

Marita Bett Aakre vil drive vidare Hjørundfjordstrikk utan Linda Olason Erdal El’Mourabit (t.h.) 

chat

Chat med oss

x