NYHENDE

Historia om Alpegenseren

Publisert: 05/02/2022 oppdatert: 22/02/2022

22.2.22 kl. 22 er Hjørundfjordstrikk klar med lansering av eit nytt design.

 

Hjørundfjordstrikk (etablert 2020)  er til for å skape moderne strikkedesign inspirert av natur og kulturarv i frå Hjørundfjorden. 

 

Det nye designet er eit redesign av genseren som Anne Mari Akslen (f. 1941) strikka då ho var ung.

I 1958 sat den 17 år gamle Anne Mari Akslen på trappa til sauefjøset i Bakkegarden og strikka på ein genser. Garnet og fargane hadde ho funne på buda hennar Agnes. Det var ein mild og fin vårdag, og ho hadde fått i oppgåve frå foreldra å passe på at sauene haldt seg på garden.   

 

 

Strikkepinnane gjekk flittig, denne jenta hadde strikka sidan før ho kunne å lese. Medan ho sat der drøymde ho seg vekk til dei store byane som London, Wien og Paris. Aller helst ville ho til Paris. Den unge jenta var spesielt interessert i motar og kunst.

 

Anne Mari med ei samling av maleria sine utanfor gamlestova i Bakkegarden. 

 

Genseren som ho strikka på skulle bli ein skigenser med glidelås i halsen. I seinare tid broderte ho på namna på byane ho drøymde om å reise til. Når namna kom på, blei genseren lagt i ei skuff, og aldri meir brukt. Det same blei draumane om det store utlandet. Ei tragisk hending i familien nokre år seinare, gjorde det umogleg for henne å dra frå garden inst i Hjørundfjorden.   

 

50 år seinare….

 

 

 

Genseren blir leita fram igjen og hengt på ein kleshenger i Bakketunet, til glede for besøkande i det gamle freda gardstunet som driv med kunst- og kulturformidling i sommarhalvåret.

 

Denne sommaren i 2012 er Makeløs v/ Kristin E. Halkjelsvik på besøk som kammersutstillar. Ho oppdagar den gule og brune genseren som heng bak døra i gamlestova på ein krok. Og blir heilt forelska i strikkegenseren med broderi!

 

Makeløs kulturstylist får låne genseren, som verkeleg tek han med seg på nye eventyr! 

 

 

På Catwalk Egmot (2015) med vottar frå Silkesauen

 

"Strikke" Hadeland Glassverk 2016

 

Utstillinga "Duket for forundring" i Kvinnemuseet i 2019.

 

I 2020 har vi igjen besøk av Makeløs v/ Kristin E. Halkjelsvik, som på ny stiller ut i kammerset i Bakketunet. Denne gangen blir det også catwalk. Hjørundfjordstrikk er i den spede start, og Kristin kjem med ideen om å lage eit redesign av genseren. Ideen er sådd, men ikkje før hausten 2021 begynner det å spire. 

 

Kven skulle vel ha trudd at genseren som ei ung jente strikka i 1958 skulle få nytt liv? Og at vi samtidig får fortelle historia om den unge jenta som sat på fjøstrappa med draumane sine. 

 

Vi gler oss veldig til å vise fram produktet som har blitt til gjennom to generasjonar! 

 

Lanseringsfilm blir lagt ut på youtube.com 22.2.22 kl 22. 

 

 

 

Foto frå utstillinga Nostalgia og catwalk i Bakketunet 2020 

 

 

 

 

 

Catwalk og ein Hjørundfjordgenser som møter publikum for førsta gang. 

 

 

 

Foto: Sunniva Krøvel- Velle

 

 

 

TAKK KRISTIN FOR AT DU VAR MED PÅ Å GI GENSEREN NYTT LIV! 

 

Foto: Sunniva Krøvel-Velle 

Siste nytt

chat

Chat med oss

x