NYHENDE

Kvinnehandarbeid og Nostalgia

Publisert: 05/12/2022 oppdatert: 05/12/2022
Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Med kulturmiljøer menes områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng.

Hjørundfjordstrikk er godt i gang med å opne luker i julekalenderen vår på Instagram. Fem luker er opna! Fem fine sanselege historier er delt. 

I dag har vi ei heilt spesiell historie å dele: Vi tek dykk med på catwalken i Bakketunet sommaren 2020. Same år som Hjørundfjordstrikk blir etablert, markerer Bakketunet 10 år med ope for publikum. Utstillinga Nostalgia finn stad, og sesongen blir opna med Makeløs sine fantastiske kreasjonar som blir vist fram på ein catwalk. Med ei takk til kvinnene før oss, viser vi fram noko av den tekstile arven. 

Med denne luka ønsker vi å løfte kvinnehandarbeid. Visste du at Hjørundfjordstrikk har 15 superstrikkarar med seg på laget? Så om du ikkje kan eller har tid til å strikke sjølv, er det mulig å bestille ferdigstrikka plagg gjennom oss. Som er ei kjempefin julegåve! 

Les meir om kulturstylist Makeløs v/ Kristin E. Halkjelsvik her. 

Foto: Sunniva Krøvel-Velle 

I 1678 skapte medisinstudenten Johannes Hofer ordet nostalgia, av dei greske orda nostos, heimkome, og algos, smerte. Nostalgi var ein farleg, sjukeleg lengt etter å vende heim.

Ein svensk idéhistorikar, Karin Johannisson gav i 2001 ut boka Nostalgia, der ho skriv at på 1700-talet vart nostalgi sett på som ein dødeleg sjukdom som frikjende for alvorlege brotsverk. Frå 1850 og langt opp mot år 2000 var nostalgi sett på som ei bakstreversk og sentimental kjensle, som bremsa utvikling og rørleg arbeidskraft. I dag har nostalgi ein bittersøt dåm: melankoli blanda med sødme. (Kjelde: Astrid Brekken. Ferda attende til garden. Syn og segn utgåve 3, 2019).

chat

Chat med oss

x