NYHENDE

LANSERING: Ny sunnmørskofte

Publisert: 09/11/2021 oppdatert: 14/02/2022
Eit klassisk design med referansar til kroting og bunadskjortebroderi.  
28. november, altså første søndag i advent, kjem ei førjulsgåve til alle som er glade i norsk strikkedesign, tradisjonsstrikk, koftemønster, eller kulturhistorie frå Sunnmøre.
 
Då lanserer Hjørundfjordstrikk i samarbeid med designar Lars Andreas Bysheim Myklebust (LarsKnits) eit nytt koftemønster. 
 

Koftemønsteret er inspirert av mannsskjorta frå sunnmørsbunaden, og mønsterdiagramma er nyteikningar av kvitsaummønster frå skuldrar, bringeklut og mansjettar på denne.

 

Kofta er tradisjonell i forma, og passar godt til både kvinner og menn. Garnpakken til kofta vil vere eit produkt sett saman av design, materialar og kulturhistorie frå Møre og Romsdal. Kofta kjem i fire fargar. Sauesvart, mørk grøn, mørk grå og mørk blå.

 

Vi som står bak idear, design, foto og distribusjon er frå Sunnmøre, og garnet kjem frå vår gode samarbeidspartnar Rauma Garn. Her får vi ullgarn spunne i Rauma, av ull frå sauer som har beita i norsk natur.

 

Garnpakkar blir tilgjengeleg i nettbutikken vår frå 28. november.

 

Denne klassiske kofta kjem i nettbutikken vår frå 28. november. Vi gler oss til å sette Sunnmøre på kartet med nok eit design frå Hjørundfjordstrikk.  

chat

Chat med oss

x