Mariegenseren
Hjørundfjordstrikk finn det meste av inspirasjonen sin i nettopp Hjørundfjorden. Denne gangen er eit nytt design blitt til med nære band til både slektshistorie og den tekstile arven.
Hjørundfjordstrikk blei etablert i 2020 med Bakketunet på Bjørke som sin fødestad. Bakgrunnen for nyetableringa var å gi ut eit geografisk strikkedesign tilhøyrande Hjørundfjorden. Hjørundfjordgenseren som blei lansert 13. september 2020 står stødig mellom mylderet av strikkedesign, og har sidan dag 1 nådd ut til eit stort nasjonalt publikum.
Hjørundfjordstrikk er snart klar med eit nytt design som har fått namnet Mariegenseren.
Bak det nye designet står Marita Bett Aakre, som kanskje er mest kjend for å drive kunst- og kulturformidling i Bakketunet på Bjørke, og for eigen biletkunst.
Moderne strikkedesign
- Motivasjonen til å drive kulturformidling gjennom moderne strikkedesign handlar nok om at eg har ein enorm vilje og eit ønske om å dele kulturarv og historier frå Hjørundfjorden til komande generasjonar. Eg vil ikkje at historiene skal gå i gløymeboka. Historier som er verdifulle fordi dei hjelper oss med å forstå sider ved vår eigen eksistens. Dessutan elsker eg klede av ull! Investerer du i eit ullplagg får du eit plagg som varmar, og som kan vare i fleire generasjonar.
Maries historie
- Mariegenseren fortel historia om Marie Rasmusdotter Indre Skår som var født på Skår i Syvde i 1888. Ho gifta seg med Bernt Andreas Simonson Aakre, som budde i Bakkegarden. Det vi veit om Marie er at ho var syerske i Ålesund, og at det var der ho møtte Bernt som var på Borgundfiske. Dei gifta seg, og Marie fødte ei velskapt jente i 1912. Marie døde i barsel av det som må ha vore svangerskapsforgiftning. Den lisje jenta fekk namnet Marie etter si eiga mor. Den morlause jenta vaks opp i Bakkegarden der bestemora Berte Marta f. Aklestad tek seg spesielt av ho. Faren hennar døyr av giktfeber når Marie berre er 9 år. Få år seinare dreg ho til Viddal for å vere tenestetaus, slik skikken var i denne tida.
Vi som fekk møte den vaksne Marie, veit at ho bar med seg saknet og sorga etter mor si heile livet. Ho klandra seg sjølv og for at det var hennar skuld at mora døydde.
Spora etter Marie er ekstra kjære. Blant anna finst det ein fargerik vevnad i Bakkegarden. Om ho vov han i Syvden eller i Hjørundfjorden, eller kanskje i Ålesund, er vi ikkje sikre på. Å sjå på denne vevnaden vekker mange kjensler. Fargane ho har valgt er så livskraftige og glade, medan lagnaden står i så sterk kontrast.
Marie si sorg sit liksom enno litt i oss som kjente ho. Vi forstår korleis ho må ha hatt det, og vi forstår at historia har vore med på å forme henne.
110 år seinare fortel vi historia om Marie med Mariegenseren. Dei fargerike mønsterbordene i vevnaden kjem til nytt liv i genseren.
Kanskje kan vi med Mariegenseren stimulere og gi impulsar til at fleire fortel ungdommen om formødrene si historie. Det er ikkje utruleg at det kan gi perspektiv rundt eigen kvardag. Eller forståing for kva som har vore med på å forme oss.
Og alle har vi vår historie...
Marie (f. 1888) i midten bak.
Mønsterelementa i genseren er henta frå vevnaden til Marie.
Den nye damegenseren frå Hjørundfjordstrikk kjem i to fargekombinasjonar og er strikka i finull frå Rauma Garn. Genseren kjem med tilbehør som har høg WOW-faktor! Blant anna ein bikini som vi har kalla Fjorden- bikini.
Siste nytt
-
-
Takk for oppdraget!
14/07/23
-
Vi lanserer Gråkolleskjerfet!
13/06/23