NYHENDE

Lanserer garn frå eigne sauer!

NA Publisert: 01/01/24     NA oppdatert: 01/01/24
Denne veka kan me glede oss over eit heilt nytt produkt frå Hjørundfjorden. Garnet Spel frå Hjørundfjordull er nyspunne og klart for verda!

- Vårt heilt eige garn! Du kan tru me er stolte, strålar Cecilie Rørstad frå Leira i Hjørundfjorden. - Sauehald og gardsdrift er ein livsstil.  Det å leve tett på natur og levande liv både med dyr og med jord, gras og beite er viktig for oss kvar einaste dag. For oss i Bårdgarden er det viktig å ta vare på og ha hand om foredling og omsetjing av det vi produserer på garden. I ei tid der avstanden mellom oss bønder i heile verda og forbrukarar vert større og større, ynskjer vi å gjere vårt for å gjere avstanden mindre, og dele av gleden me kjenner ved å vere tett på husdyr og natur i verdas finaste fjord. For oss har det ein stor verdi å vite kvar og korleis maten me et og kleda me har på oss vert produsert. Difor er me umåteleg stolte over å lansere vårt heilt eige garn av eigne sauer, i tett samarbeid med kreative, kunnskapsrike Hjørundfjordstrikk i Bakketunet. Lisje, dyktige Selbu Spinneri, har forvandla luftig ullfell til det finaste strikkegarn, seier Cecilie nøgd.

På Sellereite, øvst på Leira i Hjørundfjorden, ligg Bårdgarden. Her oppe er det bratt og fritt, himmelen er vid og ein ser både Jakta og Hjørundfjorden frå tunet. Denne utsikta gjer godt for kropp og sjel, både for bønder og sauer.

- Den vesle saueflokken av farga og kvit spelsau gjev oss ein fin start og slutt på dagen i fjøsen om vinteren, og utsikt og ville klivreturar i Sunnmørsalpane i beitesesongen. Rett som det er trengst det litt sunnmørsk trass og stirr både frå sauer og bønder. Dette er me viss på at du også finn i garnet av ulla frå sauene våre. I alle fall kjenner me det sjølve. Nokre dagar er motbakkane brattare og sunnmørssumaren i kaldaste laget. Då er ein genser av ull frå spelsauene spesielt god å ha, meiner Cecilie.

Spelsauen har same type ull som dei aller eldste norske sauene, med den tynnaste, finaste underulla som varmar godt, og lang, tjukk og glansfull dekkull. Slik ull gjer at sauene har fine varme dagar mellom tindane, sjølv når nysnøen legg seg i juli. Dekkulla i garnet gjev plagg som tåler vestlandsveiret godt og held deg varm og tørr nesten uansett, akkurat slik som for dei gode sauene våre.

Selbu spinneri, som spinn garnet vårt, blandar i litt av fin, spenstig ull frå norsk kvit sau. Slik får vi eit stødig garn med god strikkekvalitet og plagg som held deg varm, som held fasongen og som tåler ein støyt år etter år.

Når garnet no skal ut til det strikkande folk, er det gjennom Hjørundfjordstrikk sine salskanalar. - Hjørundfjordstrikk sitt utgangspunkt var å lage eit lokalt design. Faktisk var det etter ein samtale med Cecilie eg fekk ideen til konseptet.  Hausten 2019 snakka Cecilie om at ho ønskte å få laga garn av ulla til sauene i Bårdgarden på Sellereite. Det synest eg var ein strålande idé, noko som gav inspirasjon til å utvikle eit eige geografisk strikkedesign for Hjørundfjorden, fortel Marita Bett Aakre. Ringen er på ein måte slutta. Hjørundfjordgenseren blei lansert i 2020, og er godt kjend i heile Noreg. No er det garnet Spel frå Hjørundfjordull som skal gjerast kjend! Frå nyåret vert Spel-garnet tilgjengeleg på Hjørundfjordstrikk sine nettsider. - Eit meir lokalprodusert produkt skal ein leite lenge etter, meiner Marita Bett, som brenn for nyskapande og berekraftig verdiskaping.

chat

Chat med oss

x