NYHENDE

Kulturavtrykk i ull

Publisert: 17/07/2021 oppdatert: 17/07/2021
Korleis kan vi sjå samanhengar mellom kulturarv, berekraft og ei framtid med milde  klimaavtrykk? 

Besteforeldra mine var bønder som dei fleste andre på Sunnmøre i perioden under krigsåra til eit lite stykke inn på 1980 -talet. På slutten dreiv det pensjonerte paret berre med sau. Med avviklinga av sauehaldet blei ei lang landbrukshistorie avslutta. Forfallet hadde kome langt på dei allereie då gamle driftsbygningane i Bakketunet,  og trengte sårt modernisering. Ingen i familien min var klar til å gjere det som var nødvendig for å halde fram gardsdrifta. Eit levande gardstun med dyrehald blei historie i 1984.

 

Eitt av mine tidlegaste barndomsminner er at eg er med bestefaren min i skogen for å finne friske skot til sauene. Det måtte vere blad av rogn hugsar eg, for det likte sauene best meinte han. Kvar av sauene hadde namn, og dei var tame, men litt skjerre, spesielt på hausten når dei kom ned frå fjellet.

I vaksen alder kjem minna om saueholdet i Bakkegarden som noko uendeleg godt, og det har i perioder kjennest lite naturleg å bu på ein gard utan eit miljø for dyrehald. Den tungstarta Massyen frå -68 er parkert, og det same er kunnskapar om gardsdrift. Bygningane har heldigvis blitt vøla med god økonomisk hjelp frå både Norsk kulturminnefond og Riksantikvaren, og klarer seg i nokre hundre år til.

Likevel! Her finst ein link mellom sauen og første generasjon som ikkje er sauebonde på garden! I mi tid og frå min ståstad har eg muligheit til å bruke kulturarven på nye måtar. Ein dag stod eg her og skjøna kor viktig sauen har vore, og framleis er. Sauen som beitepussar og kjøtprodusent har redda eit heilt kystfolk frå både å fryse og svelte ihjel! Ull ER faktisk gull, og ein livreddar på fleire nivå. Sett i eit miljøperspektiv, er ull eit berekraftig tekstil med unike kvalitetar og som gir milde klimaavtrykk.

I mine auge er norske bønder best på dyrevelferd. Sauen har det godt i Norge. Berre sjå ut vindauge. Der oppe i høgfjellet beitar dei halve året, og gjer seg nytte av ressursar som vi ikkje kan bruke. Tilbake gir dei oss kjøt og ull.

Hausten 2019 fekk eg ideen om å lage eit eige strikkedesign for Hjørundfjorden, den vakre fjorden som eg bur inst inne i. Det var ikkje i tankane mine at eg skulle ende opp med å starte opp ei strikkebedrift, og seinare drive ho aleine. Utgangspunktet for ideen var eit ønske om at Hjørundfjorden skulle få sitt eige geografiske design, med referansar til natur og kultur. To år etter sit eg her med ei strikkebedrift i lomma og filosoferer rundt linken mellom arv og samtid. Hjørundfjordgenseren blir mitt mjuke berekraftige kulturavtrykk som er identitetsskapande og som er med på å setje Hjørundfjorden på kartet. 

Så håper eg inderleg at samtida vår tek godt vare på alle sauebønder. De gjer ein utruleg viktig jobb!

Drivar av Bakketunet og Hjørundfjordstrikk: Marita Bett Aakre. På seg har ho Hjørundfjordgenseren i fargekombinasjonen "vår".  

chat

Chat med oss

x