Koftedag i Bakketunet
Bakketunet på Bjørke avsluttar ein fantastisk sommersesongen med koftedag! Det freda gardstunet inst i Hjørundfjorden har denne sommaren hatt Kunst, strikk og byggeskikk som overskrift. Denne siste opne søndagen i sommar inviterer Hjørundfjordstrikk gjestar til å besøke tunet i sitt finaste koftestrikk.
Hjørundfjordstrikk blei etablert i mai 2020 med mål om å skape nytt strikkedesign med rot og inspirasjon i Hjørundfjorden. Sidan oppstarten har strikkebedrifta formidla historier og kulturarv gjennom nye strikkedesign, og har nådd både nasjonalt og internasjonalt med satsinga si.
Nettbutikken har døgnopent, men strikkebutikken i Bakketunet er kun open i sommarhalvåret. Siste opne søndag i Bakketunet er 1. september.
Utstillinga i det gamle kufjøset med Inger K. Giskeødegård er framleis å sjå denne søndagen.
Alle som stiller i kofte/strikk er med i trekninga av ein valgfri garnpakke til ein verdi av opp til 1000 kr.
Hjørundfjordstrikk har sørga for at fleire bygder har fått eigne geografiske design, og med det kan setje bygd og fjord på kartet med eige koftedesign!
Kufjordkofta var det første koftedesignet frå Hjørundfjordstrikk.
Vi kan avsløre at i haust kjem det enda eit nytt koftedesign. Denne har fått namnet Kvivenkofte!
Siste nytt
-
Takk for besøket!
02/09/24 -
Raus og loden Sæbøgenser
23/08/24 -
Indiefjord 2024!
04/07/24