Julekalender med historieforteljing
Gjennom 24 dagar og kalenderlukar får våre følgarar på Instagram historier og gode tilbod i ein digital julekalender.
Det er omlag 100 år som skil desse to bileta. Stova og hagen er den same, og hyllen som veks mellom kjøken- og stoveglaset blømer framleis vakkert kvar vår.
For hundre år sidan trudde ein kanskje at hyllen verna mot onde makter. Iallfall var det ikkje uvanleg at der stod ein hyll framføre stova. I dag er det lite overtru å spore i Bakketunet, men vi likar å fortelje historiene om korleis vi trur menneska før oss levde.
Kjelder fortel at for omlag hundre år sidan var det 12 menneske som budde i Bakkegarden. Jente nummer to til høgre i bakerste rekke er Marie Aslaug Aakre f. 1912. Ho er oldemor til jenta som er modell til den syrinfarga Bonderomantikkjakka. Og kanskje har nokre av oss eit litt romantisk syn og oppfatning av bøndene og livet på garden?
I dagens luke får du 20% rabatt på garnpakkar til Bonderomantikkjakka. Bruk rabattkode 001920
Martine Olianna i hagen der forfedrene har halde på med sitt. Gardsdrifta er bytta ut med kunst- og kulturformidling. Bakketunet på Bjørke har status som nasjonalt kulturminne og har ope for individuelt besøkande på sommarhalvåret. Programmet for sommaren 2023 er allereie på skisseblokka!
Siste nytt

Chat med oss
x