NYHENDE

Jubileumsgenser i lys blå vinter

Publisert: 12/09/2021 oppdatert: 12/09/2021

Det er eitt år sidan damene bak Hjørundfjordstrikk AS stod på trappene til lanseringa av Hjørundfjordgenseren. Dette blir markert med eit nytt design.

 

 

 

Det er enormt kjekt å registrere kor godt designet har blitt motteke. Eitt år etter lanseringa kan vi slå fast Hjørundfjordgenseren har blitt ein kjempesuksess. Med dei gode salstala i ryggen tore vi derfor å satse vidare på Hjørundfjordstrikk! 

 

Eittårsdagen markerer vi derfor med å gi ut ein jubileumsgenser. Designet bygger vidare på det originale designet, og den nye vrien har fått namnet «Lys blå vinter» og kjem både som herre- og damemodell. Det er Linda Olason Erdal El’Mourabit som står bak designet. Inspirasjonen til mønsteret er som kjent henta frå eit vevd sengeteppe frå Leira. Åttebladsrosa stammar frå førkristen tid, og skal vere eit lykkebringande symbol for fruktbarheit, overflod og framgang. 

 

At fargane til jubileumsgenseren har blåtonar i seg, handlar om at det er denne fargekombinasjonen som har vore mest populær i året som har gått. Dessutan er fargane i fjorden mest av det blå slaget. 

 

 

Herremodellen passer også godt til dame

 

 

Vi likar å tru at satsinga på eit eige geografisk mønster når ut til nye grupper med marknadsføringa av fjorden, og slik skaper gode synergiar for verdiskapinga for fleire aktørar.

 

Marita Bett Aakre

 

Alle som bestiller garnpakke av jubileumsmodellen får med ein merkelapp i ekte lær som kan syast på det ferdige plagget. 

 

 

Om Hjørundfjordstrikk

Hjørundfjordstrikk er eit nytt strikkemerke som ønsker å ivareta og fornye norsk strikkekultur og -tradisjon der hovudmålet er å skape nytt strikkedesign som har rot og inspirasjon frå området Hjørundfjorden.

Gjennom Hjørundfjordstrikk ønskjer vi å formidle historier og kulturarv frå Hjørundfjorden, og skape ei merkevare som blant anna er med på å løfte fjorden som reisemål.

chat

Chat med oss

x