NYHENDE

Indiefjordjakka i unicorngarn

Publisert: 17/06/2022 oppdatert: 17/06/2022

Har du høyrt om festivalen Indiefjord? Og har du oppdaga alle dei nydelege og heilt unike handfarga garna som finst på marknaden no? 

Det har iallefall vi! Og det har det blitt eit eige design av!  I samarbeid med Kvitelammet. 

Indiefjord er ein liten, internasjonal indiepop-festival på Bjørke ved Hjørundfjorden. Festivalen nyttar heile bygda som scene, blant anna Bakketunet, ungdomshuset Haukly, Bjørke kyrkje og Notanaustet. Tidlegare gjestar og band nemner ofte Bjørke som den finaste staden dei har vore – og ein stad dei tenkjer seg tilbake til når tidene er tøffe.

 

Indiefjord starta som ein vennefestival sommaren 2014, med mål om å hente indiepop til fjorden. Musikk og kjærleik er for alle – difor er musikarane og gjestane alle kjønn og legningar og frå alle kantar av verda.

 

Dei som besøker festivalen er bygdefolk for ei helg – og alle skal kjenne seg velkomne.

Kulturutvekslinga mellom norske og utanlandske band og gjestar er minst like viktig som sjølve musikken.

 

Vår Indiefjordjakke gir eit hint av samtida. Ho er er god å ha på kroppen eller i sekken. På vona det kjem ei regnbyge eller om gradstokken kryp nedover. 

 

Dessutan er jakka eit kjekt strikkeprosjekt der det handfarga unicorngarnet rad for rad legg seg som valørar eller kontrastar. 

 

Grafisk designer Ingvild Mork er både modell og ein av nøkkelpersonane bak Indiefjord. 

 

 

 

 

chat

Chat med oss

x