NYHENDE

Indiefjord 2024!

NA Publisert: 04/07/24     NA oppdatert: 04/07/24

Indiefjord er ein liten, internasjonal indiepop-festival på Bjørke i Hjørundfjorden. Festivalen nyttar heile bygda som scene, blant anna Bakketunet, ungdomshuset Haukly, Bjørke kyrkje og Notanaustet. Tidlegare gjestar og band nemner ofte Bjørke som den finaste staden dei har vore – og ein stad dei tenkjer seg tilbake til når tidene er tøffe.

Indiefjord starta som ein vennefestival sommaren 2014, med mål om å hente indiepop til fjorden. Musikk og kjærleik er for alle – difor er musikarane og gjestane alle kjønn og legningar og frå alle kantar av verda.

Dei som besøker festivalen er bygdefolk for ei helg – og alle skal kjenne seg velkomne. Kulturutvekslinga mellom norske og utanlandske band og gjestar er minst like viktig som sjølve musikken.

I år fyller festivalen 10 år, og Marita Bett Aakre har designa ei eiga Indiefjordjakke inspirert av fargane i årets grafiske profil, laga av Luke Murphy. 

I strikkebutikken i Bakketunet kan du handle med deg ein garnpakke til designet, eller enkelt kjøpe den her i nettbutikken.  

 

Programmet for heile festivalen finn du her: PROGRAM INDIEFJORD

chat

Chat med oss

x