NYHENDE

HORNINDALGENSER I FRISKE FARGAR

NA Publisert: 06/03/23     NA oppdatert: 21/03/23

Då vi lanserte Triokoftene, dei tre koftedesigna frå bygdene Hornindal, Bjørke og Sæbø, fekk vi spørsmål om det ville kome ein Hornindalgenser. Så langt hadde vi ikkje tenkt, men ideen om ein eigen Hornindalgenser blei med det planta! 

 

Hornindalgenseren er eit nytt design frå Hjørundfjordstrikk, og fortel om kultur- og handverkstradisjonar i Hornindalen. Dessutan tek genseren med seg ein sterk fargesymbolikk. 

Mønsterrapportane er dei same som i Hornindalkofta, der rapportane på bringa er inspirert av dei vakre brudekrunene frå Hornindalen. Spissane i mønsterrapporten over blant anna vrangbord på erm, gir kanskje assosiasjoner til to ljåblad som møtast i en spiss. I 1900 var halvparten av alle vaksne menn der ljåsmeder, og "Honndals-ljåar" var ei kjend handelsvare. Honndølar er godt kjent for sitt framifrå handverk, med billedhuggaren Anders Svor som den mest anerkjente kunstnaren.

Hornindalgenseren blir lansert på sjølvaste kvinnedagen! Og det gjer vi like godt med spesialutgåva for 2023! Her har vi verkeleg leika oss med fargesamansetninga! Den gule botnfargen symboliserer gullet i brudekruna og passer til alle årstider. Vi har med fargane i flagget til Ukraina, og med det gjer vi genseren samtidsaktuell. Dei turkise "ljå-spissane" står i kontrast til dei elles så varme fargane i genseren.
 
Genseren kjem som garnpakke og er strikka i 100% norsk ull! For Hjørundfjordstrikk er det sjølvsagt å bruke kvalitetsgarn. Då er Finull frå Rauma Garn eit sikkert valg, og du får eit strikkeprodukt som har god kvalitet og som forhåpentligvis varer i fleire generasjonar! 
 
 
Modell Mari Øyehaug. Kruna i bilete er designa av Tilseth Blomster i Ørsta. FOTO: Tind Media 
 
Den ordinære Hornindalgenseren kjem i to fargevariantar, og den bli lansert på vårjamndøgn 20. mars. 
 
Raftevoldkruna har vore ei stor inspirasjonskjelde i arbeidet med eit eige geografisk design frå Hornindal. 

Tradisjonelt høyrer brudekruna til i bondesamfunnet, og blei brukt saman med bunad og bringesmykke. Å bere brudekrune på bryllupsdagen var eit teikn på reinheit. 

Til alle tider har kvinner bere hovudplagg, anten av praktisk, estetisk eller symbolske årsaker. 
 
 
 

Hornindalgenseren kjem også i denne fargevarianten. 
 
 
 
 
chat

Chat med oss

x