NYHENDE

Hjørundfjordstrikk søker teknisk redaktør

Publisert: 11/01/2022 oppdatert: 12/01/2022

Hjørundfjordstrikk er eit nytt strikkemerke som ønsker å ta vare på og fornye norsk strikkekultur- og tradisjon der hovedmålet er å skape nytt strikkedesign som har rot og inspirasjon frå området Hjørundfjorden.

 

Gjennom Hjørundfjordstrikk ønsker vi å formidle natur, historier og kulturarv, og skape ei merkevare som blant anna er med på å løfte Hjørundfjorden som reisemål.

Hjørundfjordstrikk har hatt ei svært god utvikling sidan lanseringa av Hjørundfjordgenseren 13.9.20. Fleire nye design er på blokka og pinnane, og for at våre mønster skal vere så forståelege og brukarvenlege som mogleg, søker vi no ein person som kan gjere dei tekniske redigeringane. Vi brukar garn i frå Rauma Garn. 

 

I dette ligg:

 

*    Lese korrektur (nynorsk er sjølvsagt)

*    Sjå feila som vi har sett oss blinde på

*    Gjennomgang og dobbeltsjekk av alle masketall i alle storleikar

*    Sjekke at alle mål er opp mot standardmål i alle storleikar

*    At mønsteret har korrekt strikketerminologi

*    Sjekke at der ikkje er feil i diagramma og at dei kjem på rett plass

*    Gi tilbakemelding på layout og om oppskrifta er lett å lese

 

Send søknad på e-post til 

 

maritabett@hjorundfjordstrikk.no

 

Fortel litt om deg sjølv og kva erfaringar du har innan strikking og teknisk redigering.  

 

Søknadsfrist 25.1.22 

 

Løn etter avtale med honorar for kvart oppdrag. 

chat

Chat med oss

x