NYHENDE

Hjørundfjordgenseren til barn

Publisert: 24/01/2021 oppdatert: 16/02/2021
Endeleg kan vi dele nyheita om at det kjem ein Hjørundfjordgenser for barn!  

Med det kan dei små håpefulle snart matche mamma eller pappa i sin heilt eigen, litt meir mjuk og barnevenleg genser.

 

Å strikke til dei små er eit kjekt prosjekt å starte med dersom ein er usikker på om ein har lyst å sette i gang med ein vaksengenser, som naturleg nok er eit mykje større og tidkrevjande prosjekt.

 

Vi har gjort det ganske enkelt, og brukt det same mønsteret som på originalen, men vi har bytta garnkvalitet og fargar. Genseren vil kome i to ulike fargevarianter, som begge passer til både jente og gut. Slik har vi tenkt at dette også er ein genser som lett kan gå i arv.

 

Vi held oss sjølvsagt til Rauma garn, men har valt TUMI framfor finull. Det er to grunnar til at vi landa på akkurat dette garnet. For det første er det utruleg behageleg med sine 50% alpakka og 50% ull. Det blir fine og mjuke plagg av dette garnet. For det andre er det mogleg å bruke TUMI og finull om kvarandre. Det vil seie at dersom ein vil strikke like genserar til liten og stor, vil ein kunne bruke mønsteret, men berre bytte ut garnkvaliteten. Pass berre på at du treff på strikkefastheita! Eit anna tips om du skal bytte garnkvaliteten, er at TUMI har mindre løpemeter på nøstet enn finull. Du må derfor rekne deg fram til kor mykje garn du vil trenge. Ein treng fleire nøste av TUMI enn av finull til same prosjektet.

 

Som på dei andre garnpakkane av Hjørundfjordgenseren, vil mønsteret berre bli å kjøpe i garnpakke.

 

No byrjar genserane å kome attende frå teststrikkerane, og då håper vi at vi snart vil ha ferdig det endelege mønsteret, slik at vi kan tilby garnpakkar til barn frå 1-10 år i nettbutikken vår www.hjorundfjordstrikk.no

 

Lansering i nettbutikken i slutten av februar. Vi kjem tilbake til dato når alt er på plass. 

 

chat

Chat med oss

x