NYHENDE

Hjortehals

NA Publisert: 08/12/23     NA oppdatert: 30/12/23
Vi avsluttar eit produktivt år med å lansere nok eit design som ber med seg kulturhistorie frå Hjørundfjorden. 

Hjort har opphav frå ord som tyder horn eller horna/hornet. Altså eit dyr med horn.

I designet kan mønsterrapporten i starten og slutten minne om nettopp horn. På bakstykket kan ein sjå omrisset av ein hjort som gøymer seg i skogen🦌

Halsen er strikka i Rauma Tumi og Rauma Plum, som gir eit ekstra mjukt uttrykk. Varmar godt, og er deilig og mjuk mot halsen💕

 

Hjortejakta i Hjørundfjorden har inga lang historie. Det første dyret blei felt så seint som i 1962. Men hjort har nok streifa i området vårt i lang tid før det første dyret blei felt. Det kan funn av hjortehorn stadfeste.

I byrjinga av 70-åra vart det ein stor oppgang i hjortestamma. Med oppgangen i talet på hjortar, blei det også fleire og fleire som jakta.

 

 

 

chat

Chat med oss

x