NYHENDE

HAUSTENS NYHEITER FRÅ HJØRUNDFJORDSTRIKK

Publisert: 06/09/2021 oppdatert: 12/09/2021
For vel eit år sidan stod vi på steintrappene til lanseringa av Hjørundfjordgenseren. Lanseringa av designet skjedde i Bakketunet søndag 13. september kl. 13. Sidan har designet blitt strikka av mange flittige hender over det ganske land.

Vi likar å tru at satsinga på eit eige geografisk mønster når ut til nye grupper med marknadsføringa av fjorden, og slik skaper gode synergiar for verdiskapinga for fleire aktørar.

 

Med dei gode salstala i ryggen torer vi derfor å satse vidare på Hjørundfjordstrikk AS! Vi er ekstremt glade for å kunne dele nyheita om at det kjem tre nye design frå denne kanten i løpet av hausten og vinteren.

 

Vi feirar like godt oss sjølve med å gi ut ein jubileumsgenser. Dette skjer på ettårsdagen til Hjørundfjordgenseren. Den nye vrien har fått namnet «Lyseblå vinter» og kjem både i ein dame- og herremodell. I helga var vi på promoteringstur i Hjørundfjorden, der vi tok nokon heilt rå bilete til lanseringa. Garnpakkar til jubileumsgenseren blir lagt ut på nettbutikken vår måndag 13. september kl. 00.

 

Neste produkt ut er eit heilt nytt design som skal fortelle historia om kor viktig sauen har vore for kystfolket. Dette blir ei lekker damekofte i to fargekombinasjonar som har fått namnet «Bææærekraftkofta». Prosjektet skal gje merksemd til sauen som gir oss både kjøt og ull, og samstundes pleiar kulturlandskapet. For denne jobben fortener sauen si eiga stilige kofte synest vi. Lanseringa av denne kjem også i haust. Bak designet står Marita Bett Aakre, som debuterer som strikkedesignar!

 

Den største nyheita er likevel samarbeidet med strikkedesignar Lars Andreas Bysheim Myklebust, som har designa «Ny Sunnmørskofte». Inspirasjonen til kofta har han henta frå broderiet på bunadskjorta til herrebunaden frå Sunnmøre. Saman med Lars Andreas har vi kome fram til fire fargevariantar av kofta. Den er tradisjonell i snittet og passar både til dame og herre. Kofta blir lansert når vi er ferdige med prosessen med teststrikking, tilpassing av storleikar og regulering av garnmengd. Dessutan skal vi ta dei råaste bilete av kofta i Noregs råaste dal - Norangdalen.

 

 

Det er altså berre å gle seg til meir spanande frå Hjørundfjorden og Hjørundfjordstrikk!

chat

Chat med oss

x