NYHENDE

Vi lanserer Gråkolleskjerfet!

NA Publisert: 13/06/23     NA oppdatert: 15/06/23

Det starta med ei bevisstheit rundt dei gamle kunamna frå Hjørundfjorden. Ville dei gå i gløymeboka om dei ikkje blei skrivne ned? Gjennom arbeidet med å samle inn kunamn, vekte vi også historia om Gråkolla til live. Og så kom ideen eit eige Gråkolleskjerf! 

Med opninga av strikkebutikken laurdag 17. juni lanserer vi det nye designet! 

Gråkolleskjerfet er ei morosam nyheit frå Hjørundfjordstrikk denne sommaren. Hjørundfjordstrikk, ved innehavar Marita Bett Aakre, er kjend for si kulturformidling gjennom strikkedesign, mellom anna ved å la seg inspirere av  mønster frå lokal vevnad- og bunadstradisjon til strikkemønster. 
 
No utvidar dei konseptet sitt med «Gråkolleskjerfet", der gjenskapinga er noko meir abstrakt. Ingeborg Kristvik har designa skjerfet for Hjørundfjordstrikk, og seier det er inspirert av Vestlandsk fjordfe og varianten gråkolle, som var vanleg å sjå ved Hjørundfjorden i eldre tider. 
 
Skjerfet gir kanskje assosiasjonar til kuhale eller kuhorn? Med oppskrifta får du også historia om gråkolla og namn på kjende og kjære gråkoller som ein gong levde sitt liv ved Hjørundfjorden. Eit fint konsept synest vi, og kanskje er det dette som skiller Hjørundfjordstrikk frå andre strikkemerker: Her får du både historiefortelling og kulturformidling i eit strikkedesign! 
 
Skjerfet er strikka i 100% norsk ull frå Rauma Garn.  Finullpalletten inneheld heile 134 fargar, så her er du nesten garantert å finne fargar som passar både humør og garderobe. 
 
Mønsteret er nedlastbart som PDF-fil, men kan også bestillast i papirutgåve på nettsida www.hjorundfjordstrikk.no frå laurdag 17. juni. 
 
chat

Chat med oss

x