God nytt strikkeår!
Snart skriv vi 2024, og med det legg vi bak oss eit svært godt og produktivt år for Hjørundfjordstrikk.
Då vi starta i 2020 var det med eitt enkelt mål; å gje ut eit geografisk strikkedesign for Hjørundfjorden. Lite visste vi at det skulle bli starten på eit nytt kapittel for Bakketunet, og ein ny arena for å drive verdfull kulturformidling.
Hjørundfjordstrikk blir drive frå Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, eit kulturminne som har status som nasjonal verdi. Året 2023 har vi jobba under overskrifta: Kunst, strikk og byggeskikk! Ei enkel overskrift som er med på å definere kven vi er.
Sidan vi opna Bakketunet i 2010, har retninga blitt meir og meir tydeleg. Der er ein raud tråd i det vi gjer. Samstundes som vi tek med oss impulsar frå tida vi lever i. Spaninga og gleda ligg nettopp i å skape noko nytt, men tufta på ein eineståande kulturarv.
Bakketunet ilag med drifta av Hjørundfjordstrikk ber med seg noko autentisk og godt. Vi treng desse motvektene til alt det som skjer i verda idag. Tunet står som eit tidsvitne og fortel korleis forfedrene våre levde. Eitt lite blikk på dei gråna bygningane (og Dagsnytt) gir oss ei påminning på kor godt vi eigentleg har det i Noreg.
Ein god grunn til å halde fram med å jobbe med vårt! Den første nyheita er at vi er med på lanseringa av det eksklusive garnet Spel frå Hjørundfjordull. Her skriv vi på ny historie i Hjørundfjorden!
Garnet er tilgjengeleg i nettbutikken vår frå 1.1.24. Følg gjerne Hjørundfjordull på Instagram!
Til sesongopninga i Bakketunet kjem endeleg Bakketunkofta! Den har vi hatt på blokka sidan 2021, men nokre idear treng tid til å modnast. Fleire nye prosjekt er på blokka og til teststrikking, så får vi sjå om dei har livets rett. Det er iallefall ingen tvil om at det ligg mykje arbeid og ressursar bak eit nytt design.
Det er alltid kjekt å kunne overraske! I høve den nyskipa Sunnmøre Strikkefestival, kjem vi med ei lita nyheit i samarbeid med Hildegunn Moltubakk. Strikkefestivalen er allereie i mars, så har du ikkje sikra deg helgepass, så anbefaler vi å kjøpe no, få pass igjen! Kjøp her!
Så vil vi takke alle som har handla garnpakkar frå oss! Utan dei gode kundane kunne vi lagt inn årene allereie første driftsår. Vi er også veldig glade for at alle de som handlar frå oss held fast ved den gode strikkeetikken og ikkje kopierer eller deler designa våre. Det er ein av grunnane til at Hjørundfjordstrikk no kan gå inn i sitt fjerde driftsår.
Ei stor takk går til alle som strikkar for Hjørundfjordstrikk, og som hjelper til med å realisere nye idear. De blir med inn i historiebøkene!
Vi vil med dette ønske alle våre vener eit godt nytt strikkeår!
Håper vi sjåast i Bakketunet i sommar! Elles er nettbutikken vår open 24/7 (som dei seier ungdomen.)
Beste helsing
Marita Bett Aakre
FOTO: TIND MEDIA. Bak kvar eitt design ligg det mykje arbeid! Vårt arbeid starta allereie for fleire generasjonar sidan. Vi håper at alle som strikkar våre design får ei god strikkeoppleving frå første maske!