NYHENDE

For ein fest!

Publisert: 20/09/2020 oppdatert: 20/09/2020
Endeleg møtte Hjørundfjordgenseren verda etter mange månader med arbeid. 

For ein fest!

 

Det har gått ei veke sidan vi så spent lanserte eit heilt nytt strikkedesign. Hjørundfjordgenseren!

 

Lanseringsfesten blei holdt i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, inst i Hjørundfjorden på Bjørke. Marita Bett Aakre eig tunet og har drive kunst- og kulturformidling i 10 år frå det unike mellomaldertunet. Det var sjølvsagt å halde lanseringsfesten her.

 

At festen skulle stå søndag 13. september var bestemt for lenge sidan. Lite visste vi på førehand om at det skulle pøsregne i 14 dagar før, og at veirmeldingane for sjølve dagen skulle vere dårlege. Den pågåande pandemien tala heller ikkje til vår fordel når vi inviterte til fest.

 

Så skjedde det noko som er vanskeleg å skildre med ord. I minutta før vi skulle gjere lanseringa, gjekk vi frå ei årstid til ei anna. Frå gråskodde og regn i lufta, fekk vi blå himmel og skarp haustsol, og dei med eit vakent blikk kunne sjå regnbogen lyse over fjorden.

 

Det heile blei løfta enda nokre hakk då sopran Karen Rosenberg Olsen kom ruslande mellom dei gamle bygningane, kledd i kufjordkofte, leiande på guten sin Balder. Det blei ein magisk augneblikk for mange, likar vi å tru. Frå trappa til kufjøset lokka Karen på kyrne så det ruva i fjella.

 

 

 

Etter dette var gjort var det vår tur til å gå på. Vi fortalde om korleis ideen hadde blitt til og kva tankar vi har bak designet til Hjørundfjordgenseren.

 

Ein heldig gjest vann ein valgfri garnpakke på inngangsbilletten.

 

Så er det eit faktum. Hjørundfjorden har fått sin eigen genser, klar til å møte verda.

 

Alt arbeidet som vi har lagt ned har vore verdt det, berre for ei fantastisk opningshelg aleine.

 

Gjennom veka som har gått har vi sendt garnpakkar over det ganske land. Frå sør til nord!

 

Når alle inntrykk er fordøyvd, sit vi att med ei skikkeleg god kjensle. Takksam og glad for mottakinga! 

 

Linda og Marita Bett 

 

 

 

 

 

chat

Chat med oss

x